1.-4. klasse feira Samane sin dag
På Samane sin dag fekk elevane høve til å lære meir om samisk kultur og tradisjonar gjennom ei rekkje spanande aktivitetar. Me hadde sett opp fire stasjonar, kvar med eit unikt tema, der elevane fekk prøve seg på ulike samiske aktivitetar.
På den første stasjonen fekk elevane kaste lasso – ein ferdigheit som har vore viktig i samisk tradisjonell jakt og husdyrhald. Dei fekk også spele memory med samisk tema.
Den neste stasjonen var landart, der elevane brukte naturens eigne materialar for å lage kunstverk knytt til samisk tema.
Eventyrstasjonen tok med elevane på ei reise gjennom samisk forteljing og mytar. Her fekk dei høyre eit spenande eventyr som har blitt vidareført gjennom generasjonar.
Sist, men ikkje minst, var det natursti. Elevane vart delte opp i grupper og skulle følgje ein sti gjennom skogen, der dei løyste oppgåver knytte til naturen og samisk kultur.
For å avslutte dagen, laga kvar klasse sitt eige bål. Saman grilla dei pølser og åt ute, og det var ein fin måte å avslutte feiringa på.
Samane sin dag blei ein lærerik og morosam oppleving, der elevane fekk lære om og oppleve samisk kultur på ein praktisk og engasjerande måte.