Gratulera med dagen! 

Grunnlovsdagen er kanskje vår fremste festdag og ei samlande og inkluderande markering for alle innbyggjarane i landet vårt. 
Denne spesielle dagen, då me normalt samlast i grendene, i sentrum, med folketog og talar. Slik har det vore alle dei åra eg hugsar.
Frå eg var liten, har me samlast for å gå same naturstien, for å kaste hestesko og for å ete is, masse is.

Me har alle ulike tradisjonar me er vande med denne dagen, men ikkje i år. I år er alt annleis, ikkje fordi det er ein ny kommune, og ikkje fordi det er ein ny ordførar som spring rundt med kjede og held talar, men - på grunn av koronaen og avgrensingane den globale pandemien har lagt på samfunnet vårt. Me kan ikkje møtast som før, og me kan ikkje støtte dei lokale arrangementa slik me helst ynskjer. 17.mai-feiringa i år vert rett og slett ei heilt spesiell og anna type markering, men det er viktigare enn nokosinne å heise flagget til topps og feira nasjonaldagen vår.

Det er fleire historiske hendingar som har vore viktige milepælar for feiringa av grunnlovsdagen slik vi kjenner den i dag. Nett i år er det 75 år sidan andre verdskrig tok slutt, og det er 75 år sidan freden kom attende til Noreg etter fem lange år med krig og okkupasjon. 

Samfunnet vårt har utvikla seg enormt på dei 206 åra som Grunnlova har eksistert. 1814 er lenge sidan, fleire mannsaldrar – men dagen i dag har si historie frå dette året. Grunnlova byggjer på ideen om menneskerettane, og stadfestar det vi gjerne vil kalle grunnleggjande rettigheiter for enkeltmennesket: Ytringsfridom, eigedomsrett og vern mot tortur. Grunnlova er eit rammeverk, fylt med innhald av dei 112 Eidsvoldsmennene. 

Dei som kjenner historia til desse Eidsvollsmennene veit at to av dei kom frå Sogndal, nemleg Sorenskrivar Lars Johannes Irgens og gardbrukar og musketer Nils Johannesson Loftesnes. Me er takksame for dei som bidrog til denne historiske hendinga i 1814.

Noreg anno 2020 er eitt sjølvstendig land, med ytringsfridom, rikeleg med ressursar, og ein vel fungerande rettsstat og eit levande demokrati. Det må me vita å verdsetja, det er ikkje sjølvsagt! 

Det norske folk har dei siste 2 månadene opplevd den største omveltinga  sidan 2. verdskrigen. Me har fått ein bitte liten smak på det å mista fridomen, ei påminning om at fridom til å gjere som vi vil ikkje er ei sjølvfølge.
 
Heile verda er i ei usikker og vanskeleg tid. Det er frykt for sjukdom, og for å miste liv. Det er enorme økonomiske konsekvensar, både for enkeltmenneske og for samfunnet. I eitt av verdas aller tryggaste land, har me eit godt sikkerheitsnett, trass alt. Me er heldige.

Historia minner oss om at kriser og krig kan framskunde både viktige og naudsynt endringar i samfunnet vårt. Det er moglegheiter i ei kvar krise. 

Val av representantar i 1814 vart i stor grad styrt ovanfrå, og gjennom embetsmenn, og då stort sett prestane. Slik var det heilt fram til Formannskapslovene kom i 1837, då det skjedde ei reorganisering av folkestyret, samstundes som prinsippet om folkesuverenitet vart lagt til grunn for utveljing av dei lokale styringsorgana.
Formannskapslovene av 1837 er byggesteinane for det demokratiet me har i dag. I dag vel me våre folkevalde, både kvinner og menn. Eg har enorm respekt for alle dei som har bygd landet vårt. 

Eidsvoll-mennene var framtidsrette og moderne, vel og merke for si tid. Utgangspunktet for arbeidet dei la ned med Grunnlova var framtidas Noreg. Slik lyt me som politikarar i dag òg tenkje, me lyt ha eit blikk for kva slags samfunn me ynskjer framtidige generasjonar skal byggje vidare på. Denne tanken lyt me som lokalpolitikarar ha, og politikarar både regionalt og nasjonalt – me lyt tenkje langsiktig og finne dei gode løysingane som varer. 
 
Utfordringane me møter no under korona-epidemien tvingar oss inn i nye mønstre. Det er ingen tvil om at me står midt i ein omfattande milepæl; verda vil vera annleis etter korona. Me ser allereie at me har gjort eit byks i den digitale verda. Kanskje kan vi ta lærdom av korleis Noreg vart bygd opp etter 2. verdskrigen, der fellesskapet stod sterkt og dugnadsanda var stor.
 
Etter 5 år med krig vart gjenreisinga av landet ei felles oppgåve for alle i Noreg. Semje om gjenreising av landet vart første prioritet og bidrog sterkt til å dempe dei politiske motsetnadene som fanst i landet. Noreg skulle byggjast opp att gjennom konkrete planar, rasjonering av varer og ein kunne ikkje tillata seg stort forbruk og luksusvarer. Det private forbruket måtte haldast nede, til fordel for gjenreising og industriutbygging. Einar Gerhardsen, dåverande statsminister i Noreg,  oppmoda folket til å «stramme inn livreima». Målet var auka industrialisering og økonomisk vekst.

Kva har me so framfor oss, kva held oss saman og gjev oss tru på framtida? 
Fellesskapsløysingar er eit viktig stikkord. Me er no i ein situasjon der innsatsen frå staten, kommunane og frivillig sektor er heilt avgjerande.
 
Eg trur vi lyt freiste å sjå landet vårt med nye auger, og finne gode løysingar for framtida. Me må syte for at dei komande generasjonane kan ta over eit bærekraftig samfunn, og me lyt forvalte ressursane me har vore heldige å hatt mykje av i medgangstider, på ein god måte. Situasjonen me står oppi no, er ei påminning om kor viktig dette er, og kor heldige me er i Noreg, som har eit vel fungerande helsevesen, gode økonomiske ordningar, og ein stat som kan stille opp.

Sjølvberging og matvaretryggleik er tema som gir meining for langt fleire no. Difor har eg sett mine eigne poteter, eg skal planta mine eigne jordbær neste veke. Me må ta vare på matjorda!
Me leve i ei global verd, men me kan likevel produsera meir av maten vår sjølve. Lokalsamfunna våre er verdifulle, no lyt kvar og ein av oss ta bevisste val i kvardagen, for å støtte lokalt næringsliv og lokale arbeidsplassar. Og me må syna vilje til å betala for det.

Men me må og ha med noko meir, nemleg tillit, kontakt, det sosiale, møtet mellom menneska. Me har vunne digitalisering, men tapt kontakt mellom menneske. Me kjenner det, me veit korleis det var – det er sårt å ikkje kunne treffe sine nærmaste, få ein klem, ta på nokon, føle varmen og omtanken. Omtanken er der, men den kjem gjennom ein skjerm, eller på avstand – og det kan aldri bli det same.

Eg har ei jente på 5 år som fortel meg om reglane i barnehagen, me må vaske hendene når me kjem, når me har vore på do, før me et, og etter me har vore ute. Ho er pliktoppfyllande – har forstått reglane, og føl dei. Slik opplever eg at me alle har vore trufaste til dei føringar nasjonale myndigheiter har sett i verk for å verna oss alle mot det viruset som har oppteke ei heil verd dei siste tre månadene.

Me kan ikkje organisere oss vekk frå det at alle har ansvar for å bry seg om dei rundt seg, snakke fint om kvarandre, ynskje det beste for nesten vår – samfunnskvaliteten er summen av alle små val som vert teke i kvardagen av kvar og ein av oss. Eg er stolt over at me bur i eit samfunn som under korona-pandemien har prioritert dei svakaste – dei mest sårbare gruppene.

Med dette bakteppet. Korleis kan me vera med å setja fokus og rett retning for den nye kommunen vår?

Eg vil ta dykk med inn i eit par setningar frå den fyrste overordna planen kommunen no lagar:
Kulturen skal bygge opp under samfunnsplanlegging på tvers av sektorar, der harde tal og fakta vert kopla saman med livskvalitet, demokrati, rettferd, mangfald og kultur. Då må vi ha med oss ei forståing for korleis vi kan bidra til fellesskapet, verde, respekt og sjølvrespekt.
Vi skal utvikle prosessar som byggjer nettverk, skapar tillit og styrkar basis for utvikling av eit vel fungerande demokratisk samfunn.

Og her er me ved kjernen i korleis eit lokalsamfunn bør vere, bygd på tillit og med gjensidig respekt.

Noregs Grunnlov er Europas eldste, og verdas nest eldste grunnlov som framleis er i bruk. Grunnlova er eit samlande symbol for fridom, sjølvstende og demokrati.
Ei av Grunnlovas fremste styrker er at den leve i pakt med samfunnsutviklinga. 

17. mai er ei markering og eit høve til å stoppe opp og tenkje litt ekstra over dei grunnleggjande verdiane i samfunnet vårt. Det norske samfunnet baserer seg i stor grad på tillit. Tillit til at lovgjevande, utøvande og dømmande makt  vil det beste for oss alle. Tillit mellom medmenneske, tillit til helsevesenet, tillit til dei som tek vare på ungane våre i barnehage og skule. Om ein ikkje alltid er samd med dei som styrer samfunnet, so har me fridom til å meina, tru og elska, utan frykt for liva våre.

Grunnlovsdagen er ein festdag der me feirar fortida, men tillèt oss å vere optimistiske på framtida. Optimisme er viktigare i dag enn ved nokon anna 17. mai me har opplevd.
Me må ha tru på at me som enkeltmenneske, familie, lokalsamfunn, kommune og nasjon skal koma styrka gjennom denne krisa. 

Dagen i dag, er ein dag som samlar oss. Saman finn me glede og meining i det å feire grunnlova, demokratiet og dei verdiane som gjer Noreg til eitt av verdas beste land å bu i. 

Gratulera med dagen, og so vil eg få ynskja dykk alle ei god feiring av nasjonaldagen!