Me i 6. klassen skal lage klasseavis no i vår, og me ynskte å lære meir om korleis ein lagar ei avis. Me tok kontakt med redaktør Arve Uglum og spurte om han hadde tid til å fortelje oss litt om korleis dei jobbar, og det hadde han heldigvis!

Me fekk høyre om korleis det å vere journalist har endra seg dei siste åra, frå tida då ein skreiv, og trykte papiraviser, til no når alt er digitalt. Me fekk høyre litt om korleis dei ser for seg å bruke kunstig intelligens (visste du at KI no kan skrive kampreferat frå fotballkampar heilt ned i 13-årsklassen?). Dagen i ei avis starta med redaksjonsmøte der alle som jobbar må legge fram idear til kva som kan vere saker i avisa, deretter jobbar journalistane mykje med å kontakte folk, ut og lage saker, ta gode bilete, og å skrive artiklar. Me fekk lære korleis dei går fram for å sjekke at det ein høyrer faktisk er sant. Til slutt fekk me ei omvisning i lokala til avisa, og me fekk sjå korleis framsida kunne ha sett ut med OSS på framsida!

Etter besøket i avisa, kjøpte me oss ein is, og gjekk bort til minnesmerket etter Arve Beheim Karlsen ved elvekanten i Sogndal. Elevane fekk høyre historia om kva som skjedde med Arve, og kvifor me no har fått eit minnesmerke. 

Til slutt reiste me opp i Sognahallen, der me hadde bestilt tid i buldrerommet. Sidan me eigentleg har kroppsøving denne timen, passa det ekstra godt med fysisk aktivitet!