Fredag 7. mai måtte me "rømma" skulen, fordi 10. klassingane ville bruka klasserommet vårt til gjennomføring av prøvemunnleg. Ikkje noko problem for oss, som kunne nytta det fine vêret til å komma oss opp på Loftesnesfjellet, anten til fots eller på hjul. Ein strålande dag i soli!
.Fredag hadde me besøk av ViteMeir for gjennomføringa av Lektor2-prosjektet vårt. Eit samarbeid mellom ViteMeir-senteret og skulen. Me skulle lage eit escaperoom som elevane og ViteMeir skulle prøve ut, og fokuset var matematikkaren Sophus Lie, fotosyntese, olje og fornybar energi. Takk til ViteMeir for eit godt samarbeid og ein fin gjennomføring!
No har dei sikra ein 3D-printar til skulen. "Dei andre elevane skal få lov til å bruka han, men han er mest vår", seier ein av 8. klassingane i ein kommentar.