Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20230829_120028

Mellomtrinnet på fjelltur!

Tysdag hadde mellomtrinnet ein flott fjelltur. Me starta på Ruud, og gjekk først til Øyestølen. Deretter gjekk me opp til toppen Pikkhaug, og vidare via Ospesete tilbake til Ruud. Ein flott rundtur. Me vart nok litt våte på føtene etter at det har regna dei siste dagane, men det var ingen sure miner av den grunn! Ein kjekk gjeng å gå på tur med. 

Amlasanden og elvens sitt val

Me hadde flotte dagar på tur forrige veke. På torsdag var me på Amlasanden og spikka seljefløyter, laga neslesuppe og bada. Kjekke elevar og nye erfaringar for dei! 

Fredagen hadde elvane valt mellom ulike aktivitetar, og me håpa alle kosa seg i det fine været.

DSC_0359

Det er vår, og det skjer mykje kjekt!

Me har vore på museet og sett poteter saman med 1. klasse, me har vore på Kvednhushaugen og hatt aktivitetsdag saman med 6. klasse, og me har vore på Astruptunet. Her kjem litt bilete frå desse tre kjekke dagane :)

20230421_124047

Tur i Amlamarki

Fredag var me på ny tur. Denne gongen gjekk me i Amlamarki. Nokre snille foreldre hjalp oss med skyss til Timberlid, der me gjekk frå. Det var bratt, og alle fekk kjenne at det brann godt i leggane. Men - her var ingen sure miner! Då me kom fram, diska me opp med hærleg soppgryte. På veg ned, gjkk me innom hytta der filmen "Villmark" vart spelt inn. 

Ein flott tur, nydeleg vær, og blide elevar!

20230417_123253

Skogdag med skogselskapet

Måndag hadde me ein flott skogdag med Ruben frå Skogselskapet. Først møtte me Sogn Brann og Redning som lærte oss mykje om skogbrann, både korleis me kan unngå dette, og korleis dei sløkkjer skogbrannar. Så laga me hinderløype, og fekk lære kor mange ting ein kan lage av tre. Ein veldig kjekk dag!

DSC_0222

Lesevake

5.klasse har overnatta på skulen frå torsdag 8.desember til fredag 9.desember. Me har leseprosjekt for tida, og det er julestemning i tillegg. Me rydda klasserrommet for pultar, og inn kom madrasser og dyner. Klassekontaktane stilte opp med god pizza og drikke. Me hadde ulike spel og ei fysisk økt på musikkrommet. Etterpå var det tid for julefilm og lesing med hovudlykt. Nokre sovna fort, medan andre trengte litt lengre tid. Rydding og frukost klokka 8 på mat- og helserommet. Vanleg skule frå klokka 9, men me tek helg klokka 11.30. Ei veldig kjekk stund både for ungar og vaksne!

Fornøgde vinnarar

Innebandyturnering på mellomtrinnet

Tysdag 15. november hadde mellomtrinnet ein vellukka kveld med den tradisjonelle innebandyturneringa. Det var god stemning og full innsats på bana, før kvelden vart avrunda med heder og ære til vinnarane og bollar til alle deltakarar. 

20221111_112631

Vennskapsveke

Denne veka har me hatt tema vennskap. Me har øvd på Blime-dansen, sett filmar, hatt samtalar, og laga plakat om kva ein god venn er. Mange gode refleksjonar!

Me avslutta med TMF på fredag før me dansa Blime-dansen saman med heile skulen. God helg!

Horstklassebilete

Jørn Lier Horst på biblioteket

Tysdag var me i 5. klassen så heldige at me fekk helsa på ein kjendis! Sjølvaste Jørn Lier Horst, forfattar, politimann og "forræder" hadde eit innlegg for oss. Han fortale litt frå bøkene me hadde skrive, og han fortalte litt frå korleis han jobba som etterforskar i politiet. Me fekk òg prøva oss som detektivar. 

Eit kjekt og innhaldsrikt besøk!

20221019_102725

Sopptur i Trollskogen

Onsdag 19. oktober bestemte me oss for å ta ein tur i Trollskogen for å plukke sopp. Me fann både kantarellar og piggsopp, og det i store mengder! Me laga til stormkjøken, steikte sopp saman med vårlauk, kyllingskinke og fløyte. Alle fekk smake dette på ei skive, og det var kjempegodt! (Syns dei aller fleste). 

Kjekk tur med ein kjekk gjeng!