Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20220818_121539

Store Haugmelen

Elevane på ungdomstrinnet hadde ein flott fjelltur til Store Haugmelen torsdag 18.8. Imponerande innsats av samtlege. Me fekk kjenna litt på at pumpa slo og at mjølkesyra brusa i beina, men utsikta på toppen gav løn for strevet. Takk for turen!

20220405_134103

Café der Norwegische Express

Ttradisjonen tru arrangerte tyskelevane i 8. og 9. klasse kafé for tyskelevane i 10. klasse. Her føregjekk, naturlegvis, all kommunikasjon mellom kundar og kelnarar på tysk. I kafeen var det mogleg å få "kjøpt" både muffins, brownies og kjeks. Ei kjekk økt!

20220311_115225

Sol, ski og store smil!

Vêrmeldingane innfridde og det spontane bytet av ungdomsskulen sin skidag frå torsdag til fredag viste seg å vera ein innertiar. For ein dag på ski! Glade ungdomsskuleelevar susa rundt i slalombakkane og i langrennsløypene i Rindabotn. Når me i tillegg kunne innta lunsjen i kvar vår fluktstol i solsteiken, vart dagen berre endså betre. Særdeles god stemning, altså! 

20220303_140028

Superheltar!

Det var så kjekt å kunne samla heile skulen i gymsalen att til ei god, gammaldags fellessamling, rett nok med nokre digitale innslag. Ansvarlege: Elevane på ungdomsskulen med 10. klasse i spissen. Tema: "Superheltar". 

20211123_092656

MOT-TIL-Å-GLEDE - dagen!

Tysdag 23. november markerte me MOT-til-å-glede- dagen. Ungdomsskuleelevane starta dagen med felles frukost på musikkrommet. Her gjekk brødskiver, pålegg og agurk ned på høgkant. Dei unge MOTivatorane våre minna oss på enkle ting me kan gjera for å gleda folk rundt oss, ikkje berre denne dagen, men kvar dag. Eit smil, eit "hei!", ein venleg kommentar eller ei hjelpsam hand kan gjera at andre får ein betre dag. MOTivatorane arrangerte eit eige MOT-lotteri med flotte vinstar sponsa av lokale butikkar. I dette lotteriet var det ikkje pengar i spel, men post-it-lappar med gode ord om andre som ein meinte fortente det. Dei vaksne prøvde òg å gjera sitt for spreia glede til elevane med eit eige lærarband og ein eigen versjon av årets BlimE-låt "Dynamitt". 

20210820_113200

Ungdomssteget på tur til Dueskardsvarden

Fredag 20. august sette heile ungdomssteget kursen mot Lingesete og Dueskardsvarden. Endeleg kunne me reisa på tur ilag att! Det var særs god stemning i flokken som talde nesten 60 elevar. Litt kald trekk frå nordvest gjorde at me ikkje stoppa veldig lenge på toppen, men utsikten var det ikkje noko å utsetja på. Takk for turen!

20210604_134733

Koding er kjekt!

Fredag 4. juni var me så heldige å få besøk av Anne og Vibeke frå Sogn Opplæringskontor. Dei hadde med seg eit kjempekjekt opplegg om koding!

 

20210603_104850

Tur til museet

Torsdagen hadde me oss ein fin tur til museet. Me gjekk i samla flokk frå skulen, tok ein liten drikkepause på Kvednhushaugen, før me traska vidare. Då me kom fram, delte me oss i grupper og gjekk naturstiane som er på området. Etter mat såg me på utstillingane inne i Helgheimsstova og i museumsmagasinet. Eg trur mange har lært kva ein folkehøgskule er no :)