Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
thumbnail_IMG_1357

Vitemeir + verdsrommet = sant

Me avslutta prosjektet om verdsrommet med eit besøk på Vitemeir. 

Me fekk innføring om planetane og korleis dei snurra, me fekk smaka på astronautmat, løfta vatn på månen, trena som astronautar og me fekk sjå på sola med solformørkingsbriller. 

Ei flott og lærerik økt. 

2fe2e986-99cd-492a-b237-2f4b850c1842

Verdsrommet

Prosjekt verdsrommet har vore stor suksess i 2. klasse. Me har lært om solsystemet, planetane og korleis det ser ut i verdsrommet. Me har forska, laga hefte, laga vår eigen verdsrommetkrok og vist til kvarandre kva me har lært. Eit kjekt prosjekt. 

IMG_7740

Matematikkdag 1.-4. klasse

Onsdag hadde me ein veldig kjekk matematikkdag. 1.-4. klasse var blanda i ulike grupper der alle var gjennom 4 ulike stasjonar i løpet av dagen. Ivrige og engasjerte elevar. Ein kjekk og lærerik dag.

thumbnail_IMG_1219

Prosjekt leik

I to veker har me hatt eit tverrfagleg prosjekt om leiker. Me har talt leiker heime, ført statestikk, skrive om leiker, sett på leiker frå gamledagar og lært kva dei leika med i steinalderen. Me avslutta prosjektet med ein ta- med dag. Mykje leik og morro. 

thumbnail_IMG_1197

Bibliotekbesøk

Heldige oss som får reisa på besøk til biblioteket i Sogndal. Her fekk me vita mykje om bøker og korleis me som 2. klassingar kan ta leseknappen. 

Etterpå gjekk me fjordstien og til slutt leika i sentrumsparken. 

thumbnail_IMG_1067

Skidag

Skidag på Kvernhushaugen i strålande vèr. Det vart både ski, aking, bål og kos denne dagen. Me er heldige som har eit slikt anlegg i nærområdet. 

thumbnail_IMG_1087

Kodedans på Vitemeir

Fredag var me på Vitemeir for å kode vår eigen dans. Me lærte om algoritme og koding. Fekk svinga oss skikkeleg. 

Bilde8

Studentperiode

Ein fin praksisperiode er over. Mykje kjekk aktivitet. 

fc0f315e-3140-4c9e-9ec0-cfa90397b6db

Samane sin dag

6. februar markerte 1. - 4. klasse samane sin dag. Me var ute og hadde ulike aktivitetar. Elevane fekk høyre eventyr, kaste lasso, spele memory, svare på oppgåver og lage landart. Det smakte godt med mat rundt bålet. 

20230310_095609000_iOS

Karneval

Fredagen før vinterferien hadde 1. - 4. klasse karneval. Elevane svinga seg på dansegolvet i flotte kostyme. Ei elevbedrift i 9. klasse serverte nydeleg gode bollar til oss.