På muséet fekk me høyre om gamle juletradisjonar i Leirmostova, før me var i den gamle skulestova og skreiv julekort med penn og blekk, samt song nokre av dei eldste julesongane me kjenner til. Etterpå hadde me lunsjpause og spela spel/ pynta julekort og liknande, før me avslutta med å høyre juleevangeliet (lese av Celine, Maria Kristina og Alva) og synge litt meir i muséet sitt kyrkjerom. Spreke som me er gjekk me både til- og frå, i nysnø og flott vinterver. Dette var ein fin dag. Takk til Mari Sofie som tok oss godt i mot og var med oss heile dagen.