Siste: Det er stor pågang på påmeldinga til fleire av aktivitetane under årets sommarskule. Nokre av tilboda er alt fulle, og ventelistene fyller seg opp.
Me oppfordrar alle som ikkje har fått plass, til å skriva seg på venteliste til dei aktivitetane dei kunne tenkja seg. Nye plassar blir fordelte ut frå ventelista.
Ungdomsavdelinga jobbar på spreng med å få god oversikt over kven som ynskjer seg kva. Me jobbar også med eventuelt å få til fleire dagar med dei aktivitetane som er fullbooka. Dei som har fått plass, vert oppmoda om å gje tilbakemelding snarast om dei ikkje skal nytta seg av plassen. Det er mange som står i kø.

I samband med nedstenginga av skular og fritidstilbod som følgje av korona i 2020 og 2021, har regjeringa i år gitt ekstra løyvingar til kommunar for å arrangera sommarskule. Oppvekst-sektoren i Sogndal kommune vil saman med lag, organisasjonar og næringslivsaktørar tilby eit breitt spekter av aktivitetar til barn og unge i kommunen.

Målgruppa er elevar i 1.-10 klasse i Sogndal kommune, og sommarskulane går føre seg i veke 25: 21.juni-25.juni, veke 26: 28.juni-2.juli og i veke 32.

Dette kan du bli med på

Aktivitetane er alt frå musikk, friluftsliv, dans, eksperiment, prosjekter, forskerøvingar og skyteskule, og alt er gratis. Aktivitetane har base i Kaupanger, Sogndal, Leikanger og Balestrand. Og er eit samarbeid med bedrifter og frivillige lag og organisasjonar i dei enkelte bygdene. Med unnatak av aktivitetane som ungdomsavdelinga har der ein må ut av kommunen, her vil det vera transport frå Sogndal skysstasjon. Ein kan delta på alle aktivitetane som me arrangerer, men ein må ordna med transport sjølv til oppmøtestad. Nokre aktivitetar har aldersgrense. Det er klassen ein går i dette skuleåret (ikkje den ein byrjar i over ferien) som gjeld. Me har prøvd å gjort programmet fleksibelt, slik at ein kan melda seg på fleire aktivitetar desse to vekene.

Slik melder du deg på

Får meir informasjon om aktivitetane og påmelding finn du på nettsida deltager.no Påmeldinga startar tysdag 18. mai kl.18.00, og sluttar søndag 6. juni 23:00. Det er maksgrense for kor mange deltakarar me kan ha på kvar aktivitet, og påmeldinga skjer difor etter førstemann til mølla-prinsippet. Det blir mogleg å setja seg på venteliste om aktivitetane er fulle. Difor kan det vera lurt å sjå igjennom aktivitetane på førehand før påmeldinga startar.

Pga covid-19 og smitteverntiltak kan det bli aktuelt å måtte avlysa arrangement på kort varsel. Det same gjeld om det blir for få påmeldte til enkelte aktivitetar.

Her kan du sjå samla oversikt over alle tilboda

Kontakt:

Facebook: Ungdomsavdelingen Sogndal            

E-post: ronnaug.breie@sogndal.kommune.no