Born hjelper born
Sommarfesten og «Born hjelper born»-aksjonen
Vel blåst sommarfest. Det var fantastisk oppslutnad på sommarfesten i år også. Alle var flinke til å handla i salsbodene, og det vart selt utruleg mykje lodd. Inntektene i år går til aktivitetar for born frå Ukraina som kjem til Sogndal kommune. Brutto inntekter (før utgiftene er trekte ifrå) vart 32 288 kr. Eit supert resultat! Tusen takk til alle!!
4.klasse ved Leikanger barneskule