10. klasse og 5. klasse har i dag leika ulike leikar i skogen. Elevane delte seg i tre grupper som alle fekk prøve dei tre leikane; Killer, Capture The Flag og ein kortleik som me ikkje har eit namn på. Dei eldste elevane forklarte reglane for leiken, og alle deltok i leiken. Elevane koste seg i det fine vêret og aktiviteten i leiken var god. Etter at alle elevane hadde testa ut dei ulike leikane, henta me nista vår og åt den medan me naut den hærlege utsika mot Amlabukti. Faddersamarbeid utandørs i fint vêr er kjekt for alle.