Sogndal kommune jobbar no med å greia ut framtidig barnehage- og skulebehov i kommunen. Me ynskjer at alle innbyggjarane skal få moglegheit til å koma med innspel.
Norconsult har utarbeidd planar som synleggjer behova for endringar og som skisserer og tilrår ulike løysingar for barnehagar og skular i kommunen. Desse planane er lagde ut under høyringar på nettsida til kommunen.
Digitalt fellesmøte
16. september vart det arrangert eit felles digitalt folkemøte med ein grundig gjennomgang av dei to rapportane. Dette var eit informasjonsmøte, med høve til å stilla spørsmål på slutten av møtet. Det vert gjort opptak av møtet, og du kan sjå møtet i videoruta under:
Fysiske møte
I tillegg til det felles digitale møtet, vil me gjennomføra tre fysiske folkemøte. Her vil det bli ein kort gjennomgang av innhaldet i rapportane, og du kan stilla spørsmål og koma med innspel. For å sikra at me fangar opp alle innspela, er det ynskjeleg at innspela som kjem i desse møta, også vert leverte inn skriftleg innan høyringsfristen 10. oktober 2021. Møta finn stad i Sogndal, på Kaupanger og på Leikanger.
Møteplanen ser slik ut:
- Folkemøte Sogndal måndag 27. september klokka 20.00-21.30 på Sogndal Hotel
- Folkemøte Kaupanger måndag 27. september kl. 17.30-19.00 på Vesterland feriepark på Kaupanger
- Folkemøte Leikanger onsdag 29. september kl. 18.00–20.00 på Leikanger tinghus
Det er ikkje lenger naudsynt med påmelding til fysiske møte.
Digtale presentasjonar
For krinsane Fjordtun, Fjærland, Norane og Sagatun har me laga digitale presentasjonar. Det er også laga ein generell presentasjon og innleiing. Desse presentasjonane kan du sjå i vidoerutene under. Har du innspel til det som blir presentert for planane, kan du senda inn høyringsuttale innan høyringsfristen 10. oktober 2021.
Generell presentasjon:
Meir om Fjærland:
Meir om Fjordtun:
Meir om Sagatun:
Meir om Norane: