- Det er veldig kjekt at me no er komne til eit punkt der me kan koma meir tilbake til kvardagen i barnehagar og skular, seier kommunalsjef oppvekst Ole Gunnar Krakhellen.

Avgjersla er teken i samråd mellom kommunen si beredskapsleiing og faglege anbefalingar frå smittevernmyndigheita i kommunen. Det er faglege anbefalingar som ligg til grunn for at me no kan gå frå gult til grønt nivå.

- Ut frå dei siste anbefalingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) er det ikkje nokon smittevernfagleg grunn til at me skal halda på gult nivå i barnehagar og skular, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Friare for barn og unge

Grønt nivå i trafikklysmodellen gjer til at skulane og barnehagane kan lette på tiltaka. Klassen eller avdelinga treng ikkje lenger å reknast som ein kohort, og kvardagen kan organiserast meir som normalt. Barna/elevane kan igjen møtast og bevega seg fritt utan begrensningar.

Beredskap

Sjølv om me no går frå gult til grønt nivå, er det viktig å streka under at barnehageeigar, skuleeigar og den einskilde barnehage og skule til ei kvar tid må ha ein beredskapsplan for å raskt endra mellom tiltaksnivå. Slik beredskapsplan har me hatt heile dette barnehage- og skuleåret. Barnehagar og skular må også kunne bidra til å definera nærkontaktar ved ei eventuell smittesporing, dette inkluderer dei tilsette.

- Leiinga og tilsette må framleis ha søkjelys på kontaktreduserande tiltak i kollegiet og andre smittevernførebyggjande tiltak. Slik sikrar me at me kan avgrensa smitte og oppretthalda normal drift, sjølv om det eventuelt skulle oppstå einskildtilfelle blant barn/elevar og tilsette, seier smittevernlege Husabø.

Les meir om grønt nivå i skular og barnehagar.