Kjekt med studentar i 5. klasse
Sidan me starta opp att etter haustferien har PPU-studentane Arne Olav og Astrid vore med oss i 5. klasse. Dei er begge friluftslivsstudentar og me har denne perioden hatt ekstra fokus på uteskule. Dei har hatt både fysisk aktivitet og kroppsøving utandørs med klassen. I tillegg har elevane fått jobba med praktisk matematikk gjennom hyttebygging og hatt naturfagsundervisning ute. Dessutan var klassen med på ein heil utedag førre fredag, med tverrfagleg arbeid i norsk, kunst og handverk, fysak og naturfag. Elevane har vore ivrige!