Frå april månad og ut barnehageåret vert det lagt inn kr 100 i matpeng for å dekka frukt og drikke. Føresette vil ikkje måtte betala full pris for kost i barnehagane før ordinær matservering er i gang att.
Barnehagane, skulane og SFO er på gult nivå etter trafikklysmodellen for smitteverntiltak. Gult nivå inneber nokre fleire praktiske utfordringar for personalet. Tiltaket med matpakke er ikkje av omsyn til smittevern, men når borna har med matpakke heimanfrå, frigir det tid for personalet til å vera mest mogleg i lag med borna.