Opning av hinderløypa i Holerunnane
I dag var det opning av hinderløypa i Holerunnane. Rektor Ivar heldt ein tale med bakgrunnhistorien til friluftsområdet Holerunnane. Han fortalte om innsatsen til pensjonistane våre, Jan Reidar Njøs, Olav Linde, Nils Henjum, Norvald Kvam, Per Sveinung Røysum og Svein Inge Henjum som har vore dugnadsgjengen vår. Dei har lagt ned mange timar og fortener ei stor takk! Vidare fekk vi servert ostesmørbrød, kaker, kaffi og saft.
Holerunnane var fint pynta og vi hadde ei fin stund som blei avslutta med felles tur rundt heile løypa leda av Svein Inge Henjum.
Takk til alle som har vore med å bidrege!