Alle må søkja på nytt kvart barnehageår

  • Vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeld for eit barnehageår om gongen.
  • Vedtaket gjeld frå månaden etter at søknad og rett dokumentasjon er motteken.
  • Du må søkja innan 1. juli for at ordninga skal gjelda frå barnehagestart.
  • Dersom du søkjer utanom fristen, vil søknaden gjelda fra måneden etter at me har motteke fullstendig søknad.

Søk om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Gratis kjernetid 

  • Alle 2 - 5-åringar (og barn med utsett skulestart) som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.
  • Frå 1. august 2024 gjeld dette for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 642 700 kroner.
  • Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til både redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga samtidig.


Dokumentasjon og søknadsprosess

  • Prisen vert rekna ut frå den samla inntekta før skatt til dei som bur på adressa der barnet er folkeregistrert (hushald).
  • Som hushald vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.
  • Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret.
  • Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i hushaldet.

Inntekta til hushaldet må dokumenterast

  • Legg ved kopi av siste års skattemelding (sjølvmelding/"selvangivelse"). 
  • Dersom inntekta har endra seg vesentleg frå det som kjem fram av skattemeldinga (t.d. endring I hushaldet, arbeidsløyse o.l), må du leggja ved anna relevant dokumentasjon som t.d. studentbevis, lønsslippar frå arbeidsgjevar eller vedtak frå NAV.
  • Feilaktige eller manglande opplysningar kan medføra full pris.

Meir informasjon om foreldrebetaling og moderasjonsordningar kan du finna på Utdanningsdirektoratet sine nettsider og i Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.