Då var "Vinter-OL" over for denne gong, kanonbra gjennomført av alle born!:) Me er imponert over heile gjengen, både når det kjem til innsats, samarbeid og å heie kvarandre fram uavhengig av kva lag ein er på. Me har utan tvil ein veldig, veldig flott gjeng på Kaupanger SFO! 

I løpet av konkurransane har det vore gledesbrøl, smil, latter, godt samhold, tårer, trøsting av kvarandre, høgt konkurranseinstinkt, meistringsglede, heiing +++.
Det er kjekt å vinne øvelsar, og det skal det vere. Men som me har hatt fokus på under heile OL, det viktigaste er at me gjer vårt beste, ikkje gir opp, støttar kvarandre og har det moro!:)

Takk for ei flott veke!:)

Videoklipp:

https://youtu.be/14xAAMvyzCw