Elevane hadde sjølve definert kva som ligg i omgrepet "superhelt". Spiderman og Batman kom sjølvsagt innom på samlinga, i tillegg kunne elevane presentera Kaupanger sine eigne superheltar og dei hadde heller ikkje gløymt alle kvardagsheltane, t.d. helsepersonell, brøytemannskap, bussjåførar og ikkje minst alle mødrene som lagar mat kvar dag. Uansett, dei aller største superheltane i dag er alle elevane på ungdomsskulen, dei som spelar i band og syng solo, dei som byr på seg sjølv med skodespel både på film og på scene, dei som jobbar bak kamera med redigeringsarbeid, dei som har moteshow, dei som lagar powerpoint, dei som var ansvarlege for pauseinnslaga, og ikkje minst konferansierane som hadde publikum i si hule hand. Tusen takk! Skikkeleg bra jobba!