Gratulera med dagen! 

17. mai er ei markering og eit høve til å stoppe opp og tenkje litt ekstra over dei grunnleggjande verdiane i samfunnet vårt. Dagen i dag, er ein dag som samlar oss. Saman finn me glede og meining i det å feire grunnlova, demokratiet og dei verdiane som gjer Noreg til eitt av verdas beste land å bu i. 

Her på kyrkjegarden på Leikanger finn me gravene og minnesmerka etter Anders Eggum, Ingvald Eggum og Olav Rise. Og det er dei me er samla for å heidre her i dag. Her finn me og grava til Thorvald Johannessen. I forståing med familien vert han minna i Bergen.

8. mai i år kunne Noreg feire fred i 75 år. Som i dag, var sist fredag ein spesiell dag. Dei som hugsar 8. mai 1945, og ikkje berre har lese eller høyrt om den, vert færre. 8.mai for 75 år sidan vakna Noreg til meldinga om at krigen endeleg var over. I fem år var Noreg okkupert av ei framand statsmakt, og tyske soldatar marsjerte i landet med våpen i hand. Mange mista livet, og mange levde år i fangeleirar.

Anders Eggum var ein av 18 menn frå Leikanger som reiste over fjellet til Valdres for å kjempa mot okkupasjonsmakta våren 1940, og måtte bøta med livet. Han vart funnen med eit personleg brev i lomma, under ein berghammar i Bagn. Brevet starta slik: «Kjære far og mor og Kåre. Eg får nok aldri sjå dykk att meir. Eg har brote foten og kjem ikkje til folk.» Det er ikkje for alle å forlata hus og heim for å kjempa for fellesskapen, med visse om at livet kan gå tapt. Under avdukinga av minnesteinen 15. juli 1945 sa sokneprest Nils Ruset det slik: «Lat steinen minna oss om striden me førde og fridomen me vann.

Ingvald Eggum var fyrbøtar og krigsseglar, og han gav sitt liv for fedrelandet då han gjekk ned med S/S Brant County etter torpedoangrep i Nord-Atlanteren 11. mars 1943. Han fekk tildelt Krigsmedaljen post mortem, som vart delt ut til far hans, Nils Eggum, i eit kommunestyre i november 1945.

Olav Rise var handelsstyrar og aktiv i motstandsrørsla. Han tok imot og vidaresende våpen, hjelpte engelske agentar og var representant på staden for Heimefrontens fylkesråd i Sogn og Fjordane. Han vart arrestert 6. februar 1945, torturert under forhøyr og døydde ni dagar seinare i Bergen kretsfengsel.

Gjennom krigen ofra mange livet for Noreg sitt sjølvstende. Det var tunge tider, og me kan vel neppe setje oss inn i korleis dei hadde det i landet den våren freden kom. Halldis Moren Vesaas skildrar det som skulle koma i mai dagane 1945, då ho i diktet «Påske 1945», frå samlinga «Tung tids tale» skreiv det slik:
Så visst som vi veit det er sistpå
Med vinteren, veit vi og
At no er det sistpå med mørkret
Som kjøvande over oss låg.
Enn nokre timar av natta
Å vente før stengsla rivst ned –
Så kjem det, alt godt som vi ventar:
Først påske – så vår – så fred!

Me treng dagar som i dag til å minna oss alle om historia, om det som skjedde, og kvifor det skjedde. Dei gamle treng det, me vaksne treng det, og borna våre treng det. Me skal stå samla for landet, for fridomen, for demokratiet og for freden.

Me minnast no Anders Eggum, Ingvald Eggum og Olav Rise med kransnedlegging – med anerkjenning og respekt!