25. april hadde formannskapet møte på Norane oppvekstsenter. Etter at rektor og styrar for barnehagen, Anne Siri Bentsen hadde fortalt om oppvekstsenteret, var det elevrådsrepresentantane Jorunn, Malin og Sander sin tur til å halda ein presentasjon for politikarane.
Elevane fortalde mellom anna om korleis dei jobbar med trivsel og læring av ved skulen. Dei startar skuleåret med sosial- og trivselsveker, og i starten av skuleåret jobbar dei med korleis dei vil ha et på skulen. Dei har mellom anna laga bussreglar og akereglar.
Elevane på skulen har medansvar og medverknad, og representantane frå elevrådet fortalde at dei har ansvar for arrangement som idrettsdag, julefest og sommaravslutning. Elevane ved skulen arrangerte skulejoggen til inntekt for TV-aksjonen 2023 og fekk inn heile 4000 kroner.
Elevane fortalde også at dei flytter klasserommet ut og brukar det flotte området rundt skulen. Dette fekk politikarane sjå då dei var på omvising på skulen og i barnehagen. Elevane var ivrige guidar, og politikarane fekk helsa på barnehagebarn som hadde samla seg i ein gapahuk, møta skuleungar som leita etter insekt og sjå uteplassen ved fjorden der det er bålpanne og sitjeplass til bruk både for oppvekstsenteret og andre.
Rektor Anne Siri Bentsen var stolt over dei flinke elevane ho hadde med seg.
- Det er elevane sjølve som har bestemt kva dei ville seia noko om til politikarane. Det er viktig å få fram elevsynet, korleis dei har det og kva dei tykkjer er viktig å jobba med.
Norane oppvekstsenter har no 75 barn/elevar. Av desse går 40 på skulen på 1.-7. trinn, og 35 i barnehagen.
- Me er blant dei største av dei minste, og barnetalet aukar grunna tilflytting og store kull, fortel Bentsen, som til hausten må opna ei ny avdeling i barnehagen.