Leikanger barneskule vil invitere til utandørs sommarfest i amfiet på barneskulen onsdag 8. juni.
Det vert sal av lapskaus og flatbrød, kaker, bollar, is, saft og kaffi. De kan betala med kontantar og Vipps. Så ta gjerne middagen og kaffikosen på skuleplassen denne dagen!
Salet tek til klokka 16.15. Inntekta går til «Born hjelper born-aksjonen», som i år går til aktivitetar for flyktningborn frå Ukraina som kjem til kommunen vår.
Frå 17.15 underheld elevkoret med skulekameratane og kvart klassesteg. I tillegg vert det trekning i lotteriet.
Vel møtt!
Helsing alle ved Leikanger barneskule