Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
DSC_0177

Mellomtrinnet på sankedag 31.08.22

Me var i dag ute i skogen og plukka sopp, tytebær og blåbær. Då me kom inn att laga me veggavis om det me hadde funne. Seinare skal me nytte det me fann til matlaging. Mykje sopp å finne i år!

MicrosoftTeams-image (18)

Mellomtrinnet på fjelltur tysdag 23.08

Me gjekk frå bommen over Dalåker og til Vardahei. Heim att gjekk me om Hungerhaug, ned att til bommen, og stiar heile vegen ned att til skulen. Spreke elevar med mykje godt humør. Dette var ein flott dag!

5A f2012

Skuleåret godt i gang

Me har gått ei veke på skulen og fann ut at no var det på tide å ta eit bilete. Ein kjekk gjeng klar for mellomtrinnet!

20220818_111107

Leikeøkt for mellomtrinnet 18.08.22

I langøkta før mat på torsdag delte mellomtrinnet seg inn i tre grupper og gjennomførte desse aktivitetane: Stratego, sparke ball og orienteringsaktivitetar. Moro å gjere ting i lag!

20220607_073326930_iOS

Stjerneorientering for småskulen 07.06.2022

Tysdag 7. juni kunne me endeleg ha den tradisjonelle stjerneorienteringa vår. Det vart ein flott dag, der elevane var delt i 15 grupper på tvers av klassestega. Dei fekk svara på mange ulike oppgåver i det strålande vèret, og såg ut til å vere både slitne og nøgde etterpå. 

9059BB76-8793-4406-BB42-1F422D93A19D_1_105_c

Songstund for småskulesteget

1.- 4. klasse gjentok suksessen med felles songstund. Kari sytte for flott opplegg og dirigering. 

9688A044-2CCB-4FBF-A5B5-7C4725A2E50C_1_105_c

1. - 4. klasse på skogstur

Fredag 27. august pakka småskuleelevane sekken ei god stund før lunsjtid, og la i veg retning Mårkjettehola. Det vart god tid til leik og blåbærplukking før nistepakken skulle fram. Ein flott og solrik lunsjtur i nærmiljøet. 

45FF6506-B28A-4F0E-9FDB-E141F2AC2502_1_105_c

Tverrfagleg samarbeid på småskulesteget

Onsdag 25. august treftest 1. - 4. klasse for samarbeid på tvers av klassane. Elevane vart delt inn i fire grupper og rullerte mellom brettspel, musikk, LandArt (kunst i naturen) og songleikar. 

E0FF697D-8BE3-4568-B951-63CBD9AF7DE1_1_105_c

Songstund

Onsdag 18. august samla 1.-4. klasse seg for ei songstund. Kari, som er musikklærar for alle elevane på småskulen, hadde regien. Kaupanger skule er ein "syngjande skule". Det vil seie at skulen legg til rette for meir song og songglede på skulen.