Administrasjonsutvalet er kommunen sitt partssamansette utval, oppretta i samsvar med kommunelova og hovudavtalen.

Arbeidsgjevarrepresentantane i administrasjonsutvalet er ordførar, varaordførar og eit medlem frå formannskapet (leiar av opposisjonen eller ein representant frå anna parti enn ordføraren sitt parti), vald av kommunestyret med varamedlemmar. Ordførar leiar utvalet.

I tillegg har dei tilsette to representantar. 

Administrasjonsutvalet avgjerdsmynde i alle saker innanfor sitt saklege område etter dei retningslinene som er fastsette i lov og avtale, og i medhald av lov og avtale som ikkje skal avgjerast av kommunestyret eller formannskapet, eller som er delegerte til kommunedirektøren å vedta: 

  • framlegg til sentrale tariffavtalar (utvalet sine folkevalde medlemmar) 
  • planar, reglement og strategiar som gjeld kommunen sin personal- og organisasjonspolitikk, som permisjonsreglement, tilsetjingsreglement, HMS-planar med meir. 
  • retningsliner, til dømes etiske retningsliner, varslingsrutinar, Akan-reglement
  • retningsliner for den overordna personalpolitikken i kommunen
  • tiltak som fremjar heiltidskultur, likestilling og HMS 

Utvalet har hovudansvar for å ta initiativ innanfor sitt arbeidsområde. Det er utvalet si oppgåve å gje innspel til kommunedirektøren i alle saker som gjeld kommunen sin organisasjonspolitikk.

Varamedlemmer

Arbeidarpartiet/Høgre/Kristeleg folkeparti/Framstegspartiet:

1. Frode Bøthun (Krf)

2. Astrid Hove (Ap)

3. Rita Navarsete (Frp)

Senterpartiet/SV-Sosialistisk venstreparti/Venstre:

1. Vibeke Johnsen (Sp)

2. Malen Røysum (Sp)

3. Bjarte Haugen (V)