Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
IMG_7740

Matematikkdag 1.-4. klasse

Onsdag hadde me ein veldig kjekk matematikkdag. 1.-4. klasse var blanda i ulike grupper der alle var gjennom 4 ulike stasjonar i løpet av dagen. Ivrige og engasjerte elevar. Ein kjekk og lærerik dag.

IMG_4314 1

Tverrfagleg tema: vatn

3. klasse har jobba tverrfagleg med tema vatn. Klassen har vore på ViteMeir og museet. 

IMG_3999

3A arrangerte kafé

3. klasse har jobba med eit tverrfagleg kafé-prosjekt. Dei starta opp si eiga bedrift etter god planlegging. Det har vorte lagt ned mykje arbeid. Elevane har laga invitasjonar, plakatar, prislister og bakverk. 2. klasse og administrasjonen vart invitert til å kome i kafeen. Først laut dei ta ut peng i banken. 

thumbnail_IMG_1067

Skidag

Skidag på Kvernhushaugen i strålande vèr. Det vart både ski, aking, bål og kos denne dagen. Me er heldige som har eit slikt anlegg i nærområdet. 

5fa1a2eb-f170-47d5-a537-d887c67402dc

Zippy

3. klasse har hatt sin siste time med livsmeistringsprogrammet Zippy dette skuleåret, og det måtte feirast. Elevane fekk krone og diplom. Ekstra stas var det at rektor Frank kom innom for å dele ut diplomane.

thumbnail_IMG_0948

Den kulturelle skulesekk

Trude Tjensvold kom til oss og hadde ei visuell historieforteljing frå boka "Bo flyttar ut" med elevane i 1. - 4. klasse. Etterpå fekk me vera med å dikte ei historie og teikne til. 

20230310_095609000_iOS

Karneval

Fredagen før vinterferien hadde 1. - 4. klasse karneval. Elevane svinga seg på dansegolvet i flotte kostyme. Ei elevbedrift i 9. klasse serverte nydeleg gode bollar til oss. 

fc0f315e-3140-4c9e-9ec0-cfa90397b6db

Samane sin dag

6. februar markerte 1. - 4. klasse samane sin dag. Me var ute og hadde ulike aktivitetar. Elevane fekk høyre eventyr, kaste lasso, spele memory, svare på oppgåver og lage landart. Det smakte godt med mat rundt bålet.