Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kokkekamp ein fredag i februar:-)

Heile klassen.jpg                          Dette var ein kjempekjekk dag!
        Imponerande mat, knirkefritt samarbeid, fantastisk stemning og upåklageleg opprydning.
20220923_103837791_iOS[1]

Faddersamarbeid 3A & 8A

Fadrane hadde skrive eigne eventyr som dei leste høgt til tredjeklassingane. Det vart også tid til fargelegging og lesing av leseleksa.

DSC_0170

Friluftsliv på tur 29.08.22

Flott tur til Vardahei, Nordre demma og Storavatnet for friluftlivsgjengen i dag. Me fiska, men fekk ikkje mange, men store. Spreke folk med godt humør som vil ha fleire slike dagar!

MicrosoftTeams-image (11)[1]

Faddersamarbeid 3A + 8A

Ei kjekk og aktiv stund med faddersamarbeid. Fadrane organiserte fire forskjellige aktivitetar: sisten i klatreparken, haien kjem, per på boks og stele egg. 

20220818_121539

Store Haugmelen

Elevane på ungdomstrinnet hadde ein flott fjelltur til Store Haugmelen torsdag 18.8. Imponerande innsats av samtlege. Me fekk kjenna litt på at pumpa slo og at mjølkesyra brusa i beina, men utsikta på toppen gav løn for strevet. Takk for turen!

20220505_194655

Leirskule dag 4

Me har framleis energi att, og gler oss til den siste aktivitetsdagen og kvelden med dei andre skulane. Eine gruppa tek turen til Fredenborg, dei andre padlar kano, rapellerar og har bushcraft.

20220504_123836

Leirskule dag3

Ein ny fin dag på leirskulen med kanopadling, pizza på stormkjøken, bogeskyting, bushcraft, kajakk og rapellering. Skulane er blitt meir kjende med kvarandre og tiden går fort. Fekk med oss mesterligaen på PC-skjermen:)

20220503_105014

Leirskule dag 2

Klassen er delt inn i to grupper denne veka. Gruppe 1 har i dag vore padla kano og gått tur i nærområdet. Gruppe 3 har laga og steikt pizza på stormkjøkken, padla kajakk og skote med pil og boge. Me har det godt:-)

Fagbrev som modellhuselektrikarar

Den store dagen er komen. Elevane har fått fagbrev som modellhuselektrikarar, og syner fram produkta sine. Gratulerer!

20220325_110730

Matematikkdag på mellomsteget

"Dette var jo ikkje mattedag, me har ikkje hatt matte i det heile teke i dag!" Dette sitatet vart høyrt i ein av klassane på mellomsteget på fredag. Origami, tårnbygging, Numetry og terningspel - alt dette er matematikk! Ivrige elevar fekk bryne seg på forskjellige oppgåver med problemløysing innanfor matematikk på fredag 25. mars.