Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Juleball 2022

God jul til alle!

Sjå denne staselege gjengen på juleball 2022!

God jul og godt nyttår!

20220818_121539

Store Haugmelen

Elevane på ungdomstrinnet hadde ein flott fjelltur til Store Haugmelen torsdag 18.8. Imponerande innsats av samtlege. Me fekk kjenna litt på at pumpa slo og at mjølkesyra brusa i beina, men utsikta på toppen gav løn for strevet. Takk for turen!

20220426_141543

Årets beste lokalmiljøprosjekt: Mini-Knaken!

Elevbedrifta Mini-Knaken, v/ Emil og Ronja, vann i dag prisen for årets beste lokalmiljøprosjekt på entreprenørskapsmessa i Gaupne. Saman med EB Grøn Toast  og 28 andre elevbedrifter frå regionen, presenterte dei seg på ein stand i idrettshallen i Gaupne. Her kunne over 400 8. klassingar få tips og inpsirasjon til oppstart av sine eigne bedrifter neste skuleår. Ein jury på 6 personar hadde på førehand intervjua alle bedriftene via Teams, i tillegg køyrde dei ein ny intervjurunde i dag på sjølve messa. Vinnarane i 7 ulike kategoriar vart annonserte og heidra på slutten av messa. Godt jobba av begge bedriftene som representerte Kaupanger skule, og gratulerer til Mini-Knaken!

20220405_134103

Café der Norwegische Express

Ttradisjonen tru arrangerte tyskelevane i 8. og 9. klasse kafé for tyskelevane i 10. klasse. Her føregjekk, naturlegvis, all kommunikasjon mellom kundar og kelnarar på tysk. I kafeen var det mogleg å få "kjøpt" både muffins, brownies og kjeks. Ei kjekk økt!

mk

Lokal entreprenørskapsmesse

Onsdag 23. mars kunne 9. klassingane invitera 8. og 10. klasse, rektor Kjell og inspektør Frode på vår eiga lokale entreprenørskapsmesse i formingrommet. Etter å ha jobba med idéutvikling, marknadsføring og sal sidan i haust, kunne dei ulike bedriftene profilera seg sjølv og produkta sine for dei andre ungdomsskuleelevane. Målgruppa var hovudsakleg 8. klassingane som til hausten skal igang med sine eigne bedrifter. Kanskje kunne dei henta inspirasjon frå årets bedrifter? Tysdag 26. april skal to av bedriftene våre representera skulen på den regionale messa i Gaupne, i regi av Sogn regionråd. Bra jobba av alle saman! 

MicrosoftTeams-image (64)

Hospitering på vidaregåande

Måndag 21. og tysdag 22. mars var (nesten) alle 9. klassingane i Indre Sogn på hospitering på vidaregåande i Sogndal. Her hadde dei mulegheit til å testa ut ulike yrkesfaglege område og studiespesialiserande for å kunne bli litt tryggare på valet dei skal ta neste år. To interessante dagar som gav meirsmak på livet på vidaregåande skule. 

20220311_115225

Sol, ski og store smil!

Vêrmeldingane innfridde og det spontane bytet av ungdomsskulen sin skidag frå torsdag til fredag viste seg å vera ein innertiar. For ein dag på ski! Glade ungdomsskuleelevar susa rundt i slalombakkane og i langrennsløypene i Rindabotn. Når me i tillegg kunne innta lunsjen i kvar vår fluktstol i solsteiken, vart dagen berre endså betre. Særdeles god stemning, altså! 

20220303_140028

Superheltar!

Det var så kjekt å kunne samla heile skulen i gymsalen att til ei god, gammaldags fellessamling, rett nok med nokre digitale innslag. Ansvarlege: Elevane på ungdomsskulen med 10. klasse i spissen. Tema: "Superheltar". 

20220128_142754

Kjekt besøk på ViteMeir!

Fredag 28. januar var me så heldige at me fekk avslutta skuledagen med eit besøk på ViteMeir. Der gjennomførte me ulike læringsløyper i dei tre etasjane, slik at me fekk gjort oss godt kjende med dei ulike installasjonane. Det var høg grad av engasjement og lærelyst, bittelitt konkurranseinstinkt slo òg inn. ViteMeir- besøket vart avslutta med kåring av vinnarar av læringsløypene og ein særdeles smakfull (knasande) premie. Takk for oss! Me kjem garantert att!