For å sikre mot faktorar i inne- og utemiljøet som kan verke negativt inn på helsa, har ein del verksemder meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentleutviding eller endringMeldeplikta er heimla i § 10 i Folkehelselova og § 14 i Forskrift om miljørettet helsevern.

Meldeplikta gjeld blant anna asylmottak, hospits, campingplassar og forsamlingslokaler. Det er foreløpig utarbeidd meldeskjema for asylmottak og campingplassar

Den ansvarlege for desse verksemdene skal av eige tiltak gje kommunen opplysningar om forhold som openbart kan ha negativ innverknad på helsa. Og den ansvarlege for  verksemda skal sørgje for at det innførast og utøvast internkontroll for å sjå til at krava i forskrifta etterlevast.

Kommunen skal føre tilsyn med at denne forskrifta blir overhalde og treffe nødvendige enkeltvedtak heimla i Folkehelselova.

Kommunen, ved Miljøretta helsevern Indre Sogn (MHV), vil etter å ha mottatt utfylt skjema vurdere om forholdet kan medføre fare for helseskade eller helsemessig ulempe. MHV gjev verksemda tilbakemelding og ved behov blir det avtala tid for tilsyn i verksemda.

Spørsmål kan rettast til mhv@sogndal.kommune.no

Meldeskjema: 

Meldeskjema - Asylmottak og hospits 

Meldeskjema for campingplassar og andre overnattingsstader

Rettleiing:

Bokvalitet i asylmottak, rettleiar frå NTNU

Rettleiar for tilsyn med asylmottak, fengsel, hospits, barnevernsinstitusjon og sjukeheimar