Kommunestyret handsama saka i møte 17.06.21, og gjorde slikt vedtak:
Planprogram for arealplanen til Sogndal kommune 2022-2032 vert lagt ut på høyring slik det ligg føre, etter plan- og bygningslova § 11-13.
Planprogrammet fastset kva som skal skje når i planprosessen. Her kan offentlegheita gje innspel til korleis planprosessen skal føregå: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5729&externalId=4640&languageCode=nn&auth=KFPORTEN
Høyringsfristen er 20.08.21.
Medverknadsopplegga for arealplanen er ikkje detaljert skildra i planprogrammet, men vil føregå fysisk og digitalt hausten 2021. Då vil offentlegheita kunne komme med konkrete innspel til arealbruken i kommunen. Innspel som kom inn i innspelsrunden til samfunnsplanen, men som høyrer heime i arealplanen, vert vurdert då. Det same vil innspel som kom inn til gamle Sogndal kommune sin arealplanprosess i 2018/2019. Desse innspela treng derfor ikkje å sendast inn på nytt.