Risikoen for å bli sjuk ved bading i friluftsbad (badestrand e.l.) eller i eit symjebasseng i Norge er normalt liten. Dette skuldast at det er få badestrender og badeplassar som ligg nær utslepp av avløpsvatn. Dårleg drivne reinseanlegg ved bassengbad er vist å kunne gje opphav til sjukdomsutbrudd, spesielt hos personar med nedsett immunforsvar. Dårleg drivne boblebad medfører spesielt høg sjukdomsrisiko.
Krav og tilsyn
Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu m.v. stiller krav til at dei som eig eller driv slike anlegg skal sørge for at anlegget er utforma slik at omsynet til helse, hygiene og sikkerheit er ivareteke.
Kommunen fører tilsyn med alle boblebad, basseng og badeanlegg som er tilgjengelege for ålmenta.
Meldeskjema for verksemder:
Verksemder med badstu, boblebad og badeanlegg skal melde desse til kommunen ved oppstart eller ved vesentlege endringar.
Meldeskjema for badstove: Meldeskjema badstove
Elektronisk meldeskjema for boblebad og basseng: Meldingsskjema for badeanlegg (KF-290)
Badstover er særleg populært og i stor vekst:
Siste tre åra har vi gått frå 0 til 18 kommersielle badstover i Indre Sogn. Desse kjem i tillegg til dei som allereie er etablert i ulike badeanlegg. Sjå oversikta her: Oversikt badstover Indre Sogn
Klage
Har du fått infeksjon eller sjukdom etter besøk i offentleg tilgjengeleg badeanlegg eller boblebad, kan du sende ei skriftleg klage til Miljøretta helsevern Indre Sogn. Du kan også klage om du meiner forholda i anlegget bryt med forskriftskrava. Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.
For meir informasjon sjå:
Folkehelseinstituttet: Smittespredning gjennom badevann
Forebygging legionellasmitte i boblebad og god informasjon om drift av boblebad - gå til lenkja her på FHI: Legionellaveilederen - FHI