Kva gjer ein støttekontakt?
Ein støttekontakt besøker ofte personar som ikkje kjem seg ut på eigahand, eller hjelper dei til å meistre ulike fritidsaktivitetar.
Krav til søkjar
- Du må vere over 16 år
- Du må leggje fram politiattest
- Du treng ingen spesiell fagleg bakgrunn. Du vil få opplæring og oppfølging av fagfolk.
- Du bør vere sosialt engasjert og ha evne til å finne på aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske. For å skape stabilitet for brukaren, bør du kunne binde deg over en lengre periode.
Slik søker du om å jobbe som støttekontakt
Du sender inn ein open søknad per post eller digitalt til kommunen. I søknaden fortel du litt om deg sjølv:
- Namn
- Alder
- Utdanning
- Arbeidserfaring
- Fritidsinteresser
- Kva brukarar du helst vil jobbe med, til dømes psykisk utviklingshemma, barn/ungdom, funksjonshemma, mennesker fra andre kulturer
Kva skjer vidare?
Er det ikkje ledige stillingar som støttekontakt, legg vi søknaden din i ein søknadsbank.
Du vil bli kontakta dersom det blir ledige oppdrag.
Vil du bli støttekontakt?
Støttekontakt - søknad som (KF-P353-FK)
Vil du ha meir info om tenesta?
Les meir om støttekontakttenesta