Dei nye retningslinjene skal gjera det enklare og meir føreseieleg for alle partar korleis arrangement skal føregå. 

I arbeidet med retningslinjene er det henta inn innspel og tilbakemeldingar frå næringsdrivande og potensielle arrangørar av aktivitetar i sentrumsparken. Ein vil balansera omsynet til at sentrumsparken er eit fellesgode som bør vera tilgjengeleg for ålmenta med ønskje om at det skal vere rom for aktivitet, liv og røre i parken. 

Også kommersielle aktørar skal ha moglegheit til å nytta parken til aktivitetar, men dette må avgrensast av omsyn til tilgongen for ålmenta, og byrde for naboar og næringsdrivande.

Last ned retningslinjene:

Retningslinjer bruk av sentrumsparken.pdf