Tenk og vurder
Vi tilrår alle innbyggarar å tenke over eigen bu- og livssituasjon. Kva er viktig for deg og korleis ønskjer du å ha det om du opplever nedsett funksjon, redusert nettverk eller auka hjelpebehov? Korleis kan du ivareta eiga helse og trivsel? Dei fleste ønskjer å bu i kjent omgivnad, medan andre vil vurdere flytting til annan bustad og nærmiljø.
For meir informasjon om helsefremjande tilbod, trening og kurs til heimebuande klikk deg inn på nettsida til Frisklivssentralen.
Planlegg
Noko av det viktigaste du kan gjere, er å tidleg planlegge etter dine ønskjer og behov. Kvar vil du bu og kva er fordeler og ulemper med ditt nabolag? Avstand og transport til og frå sosiale arenaer, fritidsaktivitetar, nærleik til natur, butikkar, helsetenester og anna som er viktig for deg. Kva hjelp kan du få av familie, nettverket ditt og kommune? Korleis vert økonomien din? Har bustaden din behov for vedlikehald eller endring og korleis kan du løyse det?
Alle aldersgrupper, frå småbarnsfamiliar til personar som bur heime med omfattande tilrettelegging og hjelpebehov vil ha nytte av ein bustad med parkering nær hovudinngang, enkel trinnfri tilkomst, alle naudsynte rom på eitt plan, breie terskelfrie dører og rom med god plass.
Sjekkliste til sjølvhjelp - bu godt og trygt heime
Ha ein livs- og busituasjon som gjer at du
- føler deg trygg
- er mest mogleg sjølvhjelpen i det daglege
- opprettheld sunne sosiale relasjonar
- søv godt
- er i dagleg fysisk aktivitet
- ivaretek eit helsefremjande kosthald
Tryggleik
- Brannsikring: el-tryggleik, unngå open flamme, sjekk varsling, ha sløkkjeutstyr du kan bruke, ha komfyrvakt og kjøp tidsur til stikkontaktar.
- Romleg passasje i alle rom, ha fleire trygge sitteplassar, bruk stødige sko ute og inne.
- God belysning i alle rom på dag og natt.
- Hald det ryddig og unngå snublefeller på golv, fjern lause teppe og gjenstandar.
Rom for rom
- Uteområde: husk alle årstider, parkering, snømåking, strøsand, behov for rekkverk, takoverbygg.
- Planløysing: Alle rom på eit plan, om mogleg terskelfritt.
- Inngangsparti: romsleg, gjerne terskelfritt, sklisikring og rekkverk, overbygg for å unngå snø og is.
- Tryggheit i trapp og bratte område inne- og utandørs: ha godt lys, gelender, merke trinn, sklisikring.
- Baderom: romleg plass rundt toalett, støttehandtak/punkt, sklisikring, dusjhjørne i staden for badekar og kabinett, vaskemaskin i mellomhøgde.
- Soverom: god plass ved sida av seng og i nærleik til toalett.
- Kjøken: moglegheit for å ha alt du treng i kvardagen i låge skap og skuffer med gode handtak, stødig og god stol ved kjøkenbord, kjøleskap, komfyr og oppvaskmaskin i mellomhøgde.
- Stove: romleg passasje, trygg og stødig sitteplass, unngå blending frå sol.
- Bod: med plass til det du treng å plassere vekk i periodar.