Om prosjektet
Ny barneskule og SFO blir planlagd for 700 elevar og om lag 70 tilsette pluss fasilitetar for drift og reinhald. Elevane er fordelt på 16 klassar i trinn 1-4 og 12 klassar i trinn 5-7.
Bygningen skal utviklast som eit nær-nullutsleppsbygg for driftsfase, med fokus på netto energibehov og om det er mogleg med lokal energiproduksjon. Tilbod inneheld difor teikning og plassering av solcelleanlegg, samt klimagassrekneskap for forslag til nybygg og tilhøyrande samanlikning mot FutureBuilt ZERO hovudkriterium, utbygginga skal innfri hovudkriteriet.
Visjonen for det nye skulebygg i Sogndal kan godt illustrerast med eit sitat frå samskapingsmøte om nytt skulebygg.
"Ingen må gå aleine", elev 2. klasse
Det nye skuleanlegget i Sogndal sentrum er ei stor investering i born og unge sitt oppvekstmiljø. Gjennom dei neste 60 åra skal born som veks opp i Sogndal starte skulegangen sin på denne skulen. På skulen skal borna få opne opp dører mot verda og framtida, dei tilsette skal ha ein arbeidsplass som legg til rette for å kunne bidra til borna si utforskartrong. Skuleområdet skal vere eit nærområde som blir nytta til leik og sosiale aktivitetar, også utanfor skuletida.
Slik blir skuledrifta i Sogndal sentrum i byggeperioden
Sogndal kommune er i gang med bygging av nye Trudvang skule. Byggeperioden går frå januar 2026 til januar 2029. I denne perioden blir skuledrifta i Sogndal sentrum organisert annleis enn vanleg.
Undervisninga vil i perioden gå føre seg ved tre skular i sentrum – Trudvang, Guridalen og Kvåle.
Her skal barnet ditt gå på skule
Infografikken under viser kva opplæringsstad elevane vil ha i perioden 2026–2031.
Slik les du oversikta:
- Finn fødselsåret til barnet ditt i venstre kolonne
- Les bortover raden for å sjå kvar barnet skal gå på skule dei ulike trinna.
- Oversikta gir eit samla bilete av korleis skuledrifta er planlagt gjennom heile byggeperioden.

Ei løysing med vekt på stabilitet og tryggleik
Å bygge ny skule samstundes som skulen er i drift, krev gode løysingar. Kommunen har vurdert fleire alternativ for organiseringa av skuledrifta i perioden, med ulike konsekvensar for kapasitet, tryggleik og talet på bytte av opplæringsstad.
Den valde løysinga er vurdert som den beste samla sett. Ho gir ein mest mogleg stabil skulekvardag for elevane, samstundes som vi tek omsyn til kapasitet, tryggleik og framdrift i byggeprosjektet.
I vurderingane har vi særleg lagt vekt på:
- ein mest mogleg stabil opplæringsstad, med færrast mogeleg bytte
- tilstrekkeleg kapasitet og gode uteområde ved skulane
- færrast mogleg elevar med skuledag tett på byggeplassen
- å ta høgde for mogelege forseinkingar i prosjektet
- ei forsvarleg belastning for dei tilsette
Fleire alternativ vart vurderte, men dei gav samla sett større utfordringar knytt til hyppige bytte av skule, kapasitet og nærleik til byggeplassen.
Skuledrift medan vi bygger
Å drive skule i ein slik periode er krevjande. Når delar av den eksisterande skulen blir riven, må undervisnings- og aktivitetsareal erstattast andre stader. For dei nærare 1000 elevane i Sogndal sentrum inneber dette behov for alternative løysingar for mellom anna klasserom, spesialrom og kroppsøving. Det er lagt ned eit omfattande arbeid i å planleggje skuledrifta i denne perioden.
I byggeperioden vil undervisninga gå føre seg ved tre godkjende undervisningsstader i sentrum:
- Trudvang
- Guridalen
- Kvåle
Når nye Trudvang står ferdig, vil Kvåle skule bli ein rein ungdomsskule for 8.–10. trinn.
Slik har vi jobba med planen
Planen er utarbeidd i samarbeid mellom oppvekstadministrasjonen, rektorane ved skulane, tillitsvalde og miljøretta helsevern. FAU og fleire fagmiljø har også vore involverte i arbeidet.
Har du spørsmål?
Vi har forståing for at endringane kan opplevast ulikt for elevar, føresette og tilsette. Samstundes er vi trygge på at den valde løysinga gir ein god og forsvarleg skulekvardag i perioden fram til den nye skulen står klar.
Har du spørsmål om skuledrifta i byggeperioden, kan du ta kontakt med kommunen gjennom eDialog, skulen din eller kontaktperson for kommunen Frode Grøttebø.
Kontaktinformasjon
Har du innspel, spørsmål eller kommentarar kan du sende inn det her: eDialog
Kontaktperson Sogndal kommune: Frode Kristian Grøttebø
