Dersom eigar av ein landbrukseigedom ynskjer å overdra delar av eigedomen til andre, til dømes ei tomt, må det søkjast om løyve deling etter jordlova. Søknad om løyve til deling av landbrukseigedomar skal sendast til kommunen der eigedomen ligg. Kommunen avgjer søknaden. Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland.
Korleis søkje?
Det fins ikkje søknadsskjema for å søke deling etter jordlova. Du sender en open søknad til postmottak@sogndal.kommune.no
Søknaden må innehalde gards og bruksnummer, og en situasjonsplan som syner korleis tomta kan byggast ut, her ønsker vi at du teiknar opp kvar du ønsker dei nye grensene skal være i eit kart. Situasjonen må syne eksisterande eigedomsgrenser, eksisterande bygningar og vegtilkomst. Søknaden skal i tillegg innehalde en grunngjeving på kvifor du ønsker å dele av eigedomen, og kvifor du vil dele den opp på den måten du har teikna opp, som blir vurdert opp etter jordloven, da spesielt §12 om deling.
Lenkjer til jordlova, og om rundskrivet om driveplikt, omdisponering og deling liggjar lengre nede på sida.
Skal dyrka jord takast i bruk til andre formål enn jordbruksproduksjon, eller skal dyrkbar jord takast i bruk slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida, kan samtykke til deling ikkje givast utan at det er gitt samtykke til omdisponering etter § 9. Sjå paragrafen om omdisponering under. Denne søknaden kan sendast samtidig som delingssøknaden. Her er det viktig med god grunngjeving for omdisponeringa.
Du må også søke deling etter plan- og bygningslova, her finn du meir informasjon om deling av eigedom på nettsida til kommunen.
Om vurdering
Ved avgjerd av om samtykke til deling skal givast, skal det leggjast vekt på om delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.
I vurderinga inngår mellom anna:
- Omsynet til vern av arealressursane
- Om delinga fører til ei driftsmessig god løysing
- Om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
Det kan leggjast vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under formålet i jordlova.
Moment som vi vanlegvis vurdera, og som talar mot deling kan vere:
- Deling innafor dyrka mark og skog
- Deling midt på eit tun
- Deling som treng vegtilkomst som splitter opp dyrka mark, skog eller tun
- Deling som kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
Spørsmål
Ved spørsmål knytt til søknad om deling etter jordloven, kontakt landbrukssjef Olav Øyrehagen per e-post eller telefon.