Nasjonale råd og føringar om digital praksis i skulen
I overordna del av læreplanverket står det at
Læreplanverket definerer fem grunnleggande ferdigheiter: lesing, skriving, rekning, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Desse dugleikane er del av den faglege kompetansen og naudsynte reiskap for læring og fagleg forståing. Dei er òg viktige for utviklinga av elevane sin identitet og sosiale relasjonar, og for å kunne delta i utdanning, arbeid og samfunnsliv. […] For elevar på 1.-4. trinn skal bruken av digitale einingar vere særskilt varsom, og ikkje dominere undervisningen.
I det høve har UDIR utarbeidd konkrete råd for god digital praksis og skjermbruk i skulen. Desse kan du lese i underfana “Trygg og god skjermbruk”.
Elevane treng å utvikle digital kompetanse
I UDIR sitt Rammeverk for lærarar sin profesjonsfaglege digitale kompetanse står det
I dag er det viktigare enn nokon gong at barn og unge ikkje berre er passive konsumentar av produkt, tenester og informasjon, men òg kritiske forbrukarar og aktive deltakarar i eigen læring og skaping. Skulen skal bidra til elevane si danning, slik at dei er i stand til å identifisere truverdig informasjon, sitere kjelder og kjenne til reglar om opphavsrett. Dei skal utvikle etiske verdiar og holdningar i kommunikasjon og samhandling, produsere eigne digitale ressursar og utvikle eit reflektert forhold til eigne og andre sine handlingar, rettigheiter, kulturelle skilnadar og verdiar.
I tråd samfunnsplanen skal unge i Sogndal kommune oppleva å veksa opp som trygge og aktive barn med meistringsglede. Lokalsamfunnet og verda utanom vert stadig meir digitalisert. I det høve treng elevane å opparbeide seg kompetanse til å handtere dei fordelane og utfordringane det inneber. Skulen skal lære elevane å utforske, opparbeida seg kompetanse og vere kritiske til det som møter dei på nett og med ny teknologi. I det høve har skulane òg eit medansvar for å beskytte og lære barn og unge om skuggesidene dei kan møte på i det digitale samfunnet.
I Sogndalsskulen tilrettelegg skulane for aktiv bruk av teknologi, ikkje passiv
Det er viktig at elevar lærer å nytta digitale verktøy på ein god og trygg måte; til å skapa, og ikkje einsidig konsumera. I Sogndalsskulen lærer elevane korleis dei kan nytte teknologi til å produsera, kommunisera, lese kritisk og arbeida både digitalt og analogt. Barn og unge lærer når og kva det er nyttig å bruka digitale verktøy til, og når dei med fordel kan vere kritiske og legga utstyret vekk. Digitale verktøy er nyttig for alle elevar, særleg til å støtta elevar med lese, skrive eller språkvanskar
Via sidene i venstremenyen kan du lesa meir om den digitale praksisen i Sogndalsskulen, og detaljar knytt til aktiv og passiv skjermbruk.
