Me deltok for første gong i fjor, då konkurranse var nye her i Noreg. Konkurransen er ein språk- og kulturkonkurranse i moderne språk for ungdomsskular og vidaregåande skular. Målet med konkurranse er å oppmuntre ungdom til vidare språkstudiar, samt å skape interesse for å skaffe seg kunnskap om kultur, historie og andre sosiale forhold i landa målspråket vert snakka.

Kjelde og logo frå: https://ilcompetition.com/

I år ligg me som nr.1 i vår region, Vest-Midt-Nord, og som nr.3 på landsbasis i kategorien me deltek i, grunnskule engelsk. Det vart rekna gjennomsnittet av dei fem beste resultata frå skulen, og av desse vart dei to 10.klassingane, Sander Strong-Linde og Christian Docando Eggum plukka ut til å representere skulen vidare. Dei skal delta på ei videokonferanse der dei skal samarbeide om å svare på 25 spørsmål i same kategori som førre runde.

Me ventar spent på korleis det vil gå måndag, men er uansett stolte av og glade på alle elevane sine vegne. Neste år håpar me at enno fleire vil vere med på denne konkurransen.

Heia Leikanger ungdomsskule!