Sosiallærar / Spespedkoordinator: Janne Marita Bergheim tlf. 90 84 44 65
- arbeider med sosialpedagogiske tiltak
- kan hjelpa elevar til å finna løysingar på sosiale og personlege vanskar i skulesituasjonen
- kan hjelpa til med å løysa konflikter i skulemiljøet
- er kontaktperson og deltek på møte i høve til barnevern, PPT, NAV, og BUP
- tek del i det tverretatlege samarbeidet i kommunen (TET)
- organiserer leksehjelpordninga – både den frivillige og ordninga for dei med spesielle behov
- samarbeider med barnetrinnet om overgangen til ungdomstrinnet
- har eige foreldremøte i 8. klasse der skulemiljø er tema. Der presenterer ein samarbeidspartar som barnevern, skulehelseteneste, politi og PPT.
Spesialpedagogiske koordinatoroppgåver:
- har hovudansvar for og samordnar tiltak knytt til spesialundervisning
- formidlar kontakt til andre hjelpeinstansar for elevar med spesialundervisning
- samarbeider med barnetrinnet om overgangen ungdomstrinnet for elevar med vedtak om spesialundervisning
- samarbeider med vidaregåande skule om einskildelevar
- har ansvar for søknad til vidaregåande skule for elevar som treng ekstra tilrettelegging bl.a. utfylling av vedleggsskjema – generell oppfølging har rådgjevar