Elevundersøkinga (5. – 10. trinn)

 

Kvifor bør du svare på Elevundersøkinga? Elevundersøkinga gir deg høve til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skulen. Svara blir brukte av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen du går på betre. Svara frå Elevundersøkinga kan også bli brukte av forskarar. Vi viser også nokre resultat frå undersøkinga på www.udir.no/statistikk.

 

Korleis blir Elevundersøkinga gjennomført?

Det er frivillig for deg å svare på Elevundersøkinga. Du kan starte undersøkinga og hoppe over spørsmål du ikkje ønskjer å svare på. Vi tek godt vare på svara dine Når du svarer på spørsmåla i Elevundersøkinga, skriv du ikkje inn namnet ditt. Difor får vi ikkje vite kva du har svart på spørsmåla. Skulane, skuleeigar og staten får sjå det totale resultatet av undersøkinga, men vi gir aldri svara dine til andre dersom det er mogeleg å kjenne att svara dine. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for at svara du gir på Elevundersøkinga blir lagra og blir brukte på riktig måte.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om Elevundersøkinga, kan du spørre læraren din eller andre som jobbar på skulen din. Du kan også gå inn på denne nettsida : www.udir.no/undersokelser

 

elevundersokelsen-infoskriv-5.-10.trinn_ara_2021.pdf (udir.no)

elevundersokelsen-infoskriv-5.-10.trinn_tig_2021.pdf (udir.no)

elevundesokelsen-infoskriv-5.-10.trinn_en.pdf (udir.no)