Skulen ligg vakkert til på Fosshaugane Campus. Elevane på mellomsteget kjem frå Trudvang skule, medan ungdomssteget og har elevar frå Norane og Fjærland. Kvåle skule er ein relativt ny skule med eit fantastisk uteområde. På uteområdet har me eit samarbeid om arealet med elevar frå Sogndal vidaregåande skule. Nyeskulen er eit flott moderne bygg, og her finn du alderstrinna 6. til 9. klasse. 10. klassane, administrasjonen og personalavdelinga finn du i ”gamlebygget”. Kvåle skule er ein stor praksisskule for  studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Skulen har følgjande viktige satsingsområder; Klasseleiing og skulemiljø, fnternasjonalt samarbeid, fysisk aktivitet og helse, IKT og furdering for læring 

Det internasjonale samarbeidet er etablert gjennom Erasmus+ og Nord-Sør. Vår digitale plattform er M365 / Teams og Visma.