Kva er ei bekymringsmelding?
Du kan skriva ei bekymringsmelding når du som pårørande eller bekjent er bekymra for ein anna person sin helsetilstand.
Eksempel på kva du kan melde bekymring om:
- Generell helsetilstand og funksjon i kvardagen
- Pasienten si oppfølging av behandlinga
- Effekt av behandlinga
- At den som er sjuk, er til fare for seg sjølv eller andre
- Svikt i hjelpa
- At pasienten har grunnleggjande behov som ikkje blir dekte
Ei bekymringsmelding bør innehalde
- namnet på den du er bekymra for
- fødselsdato og adresse
- kontaktinformasjon til avsendar
- beskriving av det som er årsaka til bekymring, gjerne med konkrete eksempel
Slik sender du bekymringsmelding
Dersom du veit kven som er fastlegen til den anteke sjuke, er det beste å sende bekymringsmeldinga rett til fastlege eller legekontoret. Dersom du veit at pasienten har tenester i kommunen, kan du også kontakte tenestestaden direkte.
Dersom du ikkje veit kven fastlegen eller tenestestad er, kan du sende ei bekymringsmelding til tildelingskontoret. Det er viktig å vere klar over at bekymringsmeldinga ofte vert vidaresendt frå tildelingskontoret til fastlegen, heimetenesta eller andre aktuelle instansar. Dette inneberer også at den blir lagra i pasienten sin journal. Pasienten får då tilgang til bekymringsmeldinga.
Bekymringsmeldinga kan du senda per post til:
Tildelingskontoret
Sogndal kommune
Postboks 351
6851 SOGNDAL
eDialog: Send brev og dokument via sikker kanal her
NB! Du må ikkje sende bekymringsmelding på e-post.