Føremål

Føremålet er å bidra til meir føreseieleg økonomi for arrangement, kulturinstitusjonar, møteplassar eller anlegg som har årlege tilbod til innbyggjarane. Vidare skal ordninga: 

  •  Bidra til å styrke breidde og kvalitet på arrangement innan kunst og kulturformidling 
  • Bidra til kompetansedeling og samspel mellom arrangørar og aktørar 
  • Fremje produksjon og formidling av kunst og kulturutrykk til barn og unge 
  • Fremje aktivitetar som styrkar nedre del av omsorgstrappa i kommunen 
  • Fremje satsingsområda best på oppvekst, skapt for aktiv livsstil og fruktbare tettstader i kommunen sin [lenke til samfunnsplanen]  

 Det er ein føresetnad at tilskotsmottakar jobbar aktivt for å nå kommunen sine mål om livskvalitet, skaparkraft og miljømedvit: Samfunnsplanen (utfordrarbygda.no) 

Kven kan søke?

  • Arrangement for innbyggjarane som går over ein heil eller fleire dagar, som vert arrangert minst ein gong i året og kan syne til minst tre års aktivitet.
  • Kulturinstitusjonar som har ei drift og eit tilbod som strekker seg over større delar av året. 
  • Fellesgodetilbydarar som sikrar eit ope og gratis tilbod til alle innbyggjarar som strekker seg over større delar av året. 
  • Lag og organisasjonar som har ope og tilgjengelege møteplassar for pensjonistar som strekker seg over større delar av året.  

Krav til søknad

Søknaden må innehalde 

  • Ei prosjektskildring som omtalar målgruppa for tilbodet og innhaldet i tilbodet 
  • Skildring av korleis ein jobbar eller planlegg å jobba med: 
    • Universell utforming og fysisk tilgang for så mange som råd 
    • Tilbod for born og unge og/eller seniorar 
    • Sosial, økonomisk og miljømessig berekraft 
  • Årleg budsjett 
  • Rekneskap for dei tre siste åra 
  • Årsmelding/rapport for føregåande år 

Kor mykje kan eg søke om?

Søknadsbeløpet er ikkje fastlagt, men skal ta utgangspunkt i eit årleg tilskotsbehov. Søkjar må sannsynleggjere behovet for økonomisk stønad i prosjektskildring, budsjett og finansieringsplan.  

Vurdering av søknaden

Søknaden blir vurdert etter om dei treff føremåla til ordninga. 

Søknaden blir politisk handsama og vedteken.

Varigheit på avtalen

Avtalen gjeld i tre år med mindre anna blir vedteke. Etter tre år må tilskotsmottakar søkje på nytt. 

Krav til rapportering

Tilskotsmottakar må kvart år sende inn budsjett for inneverande år, rekneskap for fjoråret og årsmelding/rapport for fjoråret for å få utbetalt det årlege tilskotet. Frist for dette er 1. april.  

 Dersom tilskotsmottakar ikkje vil søke om forlenging når avtaletida går ut skal årsrapport og rekneskap sendast til Sogndal kommune innan 1. april året etter at det siste tilskotet blei gitt. 

Opphøyr eller vesentleg endring

Dersom tilskotsmottakar ikkje gjennomfører hovudaktiviteten slik den er skildra i avtalen, eller gjer vesentlege endringar av hovudaktiviteten, skal kommunen varslast. I slike tilfelle kan kommunen halde tilbake eller krevje tilbakebetalt tilskot dersom kommunen finn grunnlag for dette. 

Slik sender du inn søknad

Søknad og vedlegg skal sender du inn via søknadsskjema på Sogndal kommune sine nettsider: Fast avtale om driftstilskot - Søknad om (4640) (kf.no)