Kva er følgjekort?

Følgekort/ledsagerbevis er eit tilbod til menneske med nedsett funksjonsevne, som treng å ha med følge på kultur- og fritidsarrangement. Følgjekortet gir den funksjonshemma sitt følgje fri eller rabattert tilgang til kultur- og fritidsaktivitetar, i tillegg til visse transportmiddel. Innehavar av kortet må betale for aktiviteten/ reisa sjølv.

Følgjekortet er digitalt, og du får tilgang via ein app. Dersom du ikkje har mobiltelefon, er det mogleg å få utlevert eit fysisk følgjekort. Produksjon av følgjekort er kostnadsfritt for innehavar av kortet.

Kven kan søkje om følgjekort?

Følgjekort er berekna for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne som har behov for hjelp eller følgje for å kunne delta på arrangement. Følgjekort er mellom anna aktuelt for menneske med rørslehemming, høyrselshemming, synshemming, kognitiv svikt, utviklingshemming, alvorlege allergiar og andre funksjonsnedsettingar som følgje av psykisk sjukdom, hjartesjukdom, lungesjukdom med meir.

Kvar kan du nytte følgjekort?

Du kan bruke følgjekort ved dei stadene som har innført følgjeordninga. Arrangørar som godtek følgjekort, vil ofte informere om dette på nettsidene sine, og ved inngangen til arrangementet. Følgjekort gjeld i heile landet, men tilbodet varierer frå kommune til kommune og frå arrangør til arrangør.

Korleis kan ein søkje om følgjekort?

Gå til søknadsskjema

For å få følgjekort må du sende ein grunngjeven søknad til Sogndal kommune ved tildelingskontoret.

Dersom du vil ha søknadsskjema på papir, eller treng hjelp til sjølve søknaden, er du velkomen til å ta kontakt med tildelingskontoret i telefontida.

Korleis få tilgang til digitalt følgjekort?

Dersom du blir innvilga følgjekort, kan du gjere følgjande:

For å få tilgang til det digitale følgjekortet, må du laste ned appen «Ledsagerbevis» i App Store eller Google play. Følgjekortet er også tilgjengeleg på følgjekort.no.

Når du har lasta ned appen, skriv du inn mobilnummeret ditt. Du får deretter tilsendt ein kode på SMS som du skriv inn. Du har no tilgang til følgjekortet ditt.

I appen kan du også gje andre følgjepersonar (til dømes støttekontakt, avlastar, besteforeldre) tilgang til følgjekortet. Dette gjer du ved å legge inn deira mobilnummer.