Målet for folkehelsearbeidet er at innbyggarane skal ha god helse så lenge som mogeleg, og at alle skal ha like moglegheiter til oppnå god helse.

Folkehelsearbeid er tiltak som styrkjer helsa til innbyggarane, anten direkte eller indirekte. Det kan handla om oppvekst- og levekårsforhold som bustad, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljø, ernæring, fysisk aktivitet, førebygging av skadar og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annan rusmiddelbruk.

Når kommunen legg planar, skal me ta omsyn til folkehelsa, i tråd med Folkehelselova og  Plan- og Bygningslova § 3-1.

Folkehelse angår alle delar av den kommunale organiseringa. For å lukkast med dette arbeidet, må me jobba på tvers av ulike sektorar og tenester.

Folkehelsearbeidet tek utgangspunkt i at samfunnet har eit ansvar for helsa til befolkninga, ved å leggje til rette for gode levevanar og trygge levekår.

Folkehelseoversikt Sogndal kommune

Folkehelselova krev at kommunen har oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane. Denne oversikta er viktig for at Sogndal skal kunne jobbe for ei utvikling som fremjar folkehelsa, slik at alle har like moglegheiter til god helse.

Folkehelseoversikta skal gi eit bilete av korleis helsetilstanden er i dag blant folk i Sogndal, og kva som verkar positivt og negativt inn på helsa vår.

Folkehelseoversikt for Sogndal kommune 2022-2026