Formålet er å stimulera til raskare anleggsgjennomføring ved godkjent spelemiddelsøknad, og i tillegg gi frivillige lag og organisasjonar eit insentiv til å kome i gang med prosjekt når de veit at finansiering kan komme raskare ved at spelemidlar blir forskottert.
Det er lagt opp til ein felles søknadsrunde for alle anlegg etter at Vestland fylkeskommune har handsama søknadane same året (15.april). Søknadsfrist for forskottering er 6. mai, og utval for levekår (møte 05.06.24) har delegert mynde til å vedta forskotteringane som blir prioriterte. For 2024 er rammeløyvet for forskottering 2.087 millionar.
Retningslinene for tildeling
- Alle søkarar må ha godkjend spelemiddelsøknad av kommune og fylkeskommune.
- Nærmiljøanlegg blir prioritert over ordinære anlegg.
- Ein søkar kan motta forskottering for eit anlegg fleire gonger.
- Ein søkar kan motta forskottering for fleire anlegg samtidig.
- Anleggsarbeidet må påbyrjast i same år som søknadsåret.
Vilkår for forskotteringslån
- Maksimalt forskotteringsbeløp til ein søknad i løpet av eitt år er 2 millionar kroner.
- Renter på lånet skal betalast på lik line med kommunalt lån (3 mnd. NIBOR + 0,7%)
- Lånet er avdragsfritt fram til lånetakar mottek utbetaling frå Vestland fylkeskommune.
- Dersom tilsegnsbeløp frå fylkeskommunen er mindre enn tidlegare utbetalt forskotering, må søkjar betale tilbake resterande beløp innan 3 månader etter tilsegn er gjeve frå fylkeskommunen og beløpet er kjent.
Meir detaljert låneavtale, med vilkår utarbeidd av Sogndal kommune, skal signerast ved tilsegn på forskottering før utbetaling av midlane.
Slik søkjer du om forskottering
- Søknaden sendast på epost til postmottak@sogndal.kommune.no
- Søknaden skal vise til foreløpig formelt godkjent spelemiddelsøknad for 2024.
- Søknaden skal forklare kvifor det er viktig at dykkar prosjekt får mellomfinansiering. Søknaden skal visa framdriftsplanen til prosjektet.
Søknad om forskottering av spelemidlar sendast til postmottak@sogndal.kommune.no merka til Steinar Nes.
Ved spørsmål om ordninga, ta kontakt!