Forsøpling

Forsøpling kan vere attgløymde gjenstandar, skrot, ulovlege avfallsplassar, villfyllingar og bilkyrkjegardar på privat eigedom. 

Eksempel på forsøpling og avfall som kan vere til skade og ulempe, er knust glas og opna hermetikkboksar som dyr eller menneske kan skade seg på. Avfallet må heller ikkje hindra ferdsel eller redusera trafikksikkerheita. Det er tilstrekkeleg at det er fare for skader eller ulemper. 

Forsøpling kan og medføra forureining eller fare for forureining, som til dømes hensette køyretøy som lek olje og andre helse- og miljøskadelege stoff til miljøet, elektrisk- og elektronisk avfall, plastavfall, kjemikalieavfall, hageavfall og byggavfall. 

Det kan vere at den som er eigar av slike lagra gjenstandar ikkje oppfattar sine eigendelar som avfall, men forureiningslova omfatta og avfall som ikkje nødvendigvis inneber noko form for forureining, men som av estetiske grunnar påverka omgjevnadane. 

Kommunen har myndigheit og ansvar for å følgja opp forsøpling etter forureiningslova, og forsøpling som kan føre til forureining vil verte prioritert først. 

Ulovleg lagring av køyretøy

Køyretøy som er teke ut av bruk finn ein både på offentlege friområde og på privat eigedom. 

Lagring av køyretøy som ikkje er miljøsanert, kan føre til forureining. Slike køyretøy inneheld ofte drivstoff, olje, frostvæske, kuldemediar, bremseveske, batteri, oljefilter, kvikksølvholdige komponentar osv. Over tid vil køyretøya difor lekka ut helse- og miljøfarlege kjemikaliar. 

Gamle bilar som er tiltenkt å verte brukt som dele- eller veteranbilar, vil og kunne verte anset som kasserte og rekna som avfall. 

Faren for forureining frå køyretøya kan avgrensast om dei er miljøsanerte og silla opp slik at dei ikkje vert forringa over tid. 

Forsøpling som kan føra til forureining eller fare for forureining

Om avfall fører til forureining eller fare for forureining, vil lova sine reglar om forureining gjelda i tillegg til reglane om forsøpling. 

Forureining er blant anna tilførsel av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller i grunnen som er eller kan vere til skade eller ulempe for miljøet. Dette føl av forureiningslova § 6. 

Det held at det er fare for forureining for at forsøplinga er omfatta av forbodet mot å forureine. Det vil sei at det er forbode å oppbevara eller å ha noko som kan føre til fare for forureining. Det kan vere aktive handlingar som kan føre til direkte forureining, men og det å la vera å stoppa eit utslepp. 

For eksempel vil ein grunneigar som lagrar bilar over tid, men som ikkje sikra dei godt nok mot forureining, verte omfatta av forbodet. Dette gjeld uavhengig om bilane vert rekna som avfall eller ikkje. 

Korleis føl kommunen opp dette?

Om kommunen får melding om forsøpling og/eller forureining, eller avdekkjer dette gjennom tilsyn/synfaring vil det gjennomførast ei synfaring for å få avklart kven som er ansvarleg, kor lenge det har stått på, kven som er eigar, resipientforhald og interessekonfliktar. 

Når kommunen har fått full oversikt over saka, vil det blir gjort eit vedtak om fjerning/opprydding med ein frist for gjennomføring, og krav om kvittering på levering til godkjent mottak. 

I forsøpling- og forureiningssaker har kommunen mynde til å pålegge den ansvarlege å:

  • Rydda opp og fjerna avfall, og brukte gjenstandar
  • Senda inn naudsynte opplysningar eller gjere undersøkingar
  • Betale tvangsmulkt om avfallet ikkje vert fjerna innan ein gjeve frist
  • Betale refusjon for oppryddingsarbeid utført av kommunen 

Sogndal kommune ynskjer at alle vert med på dugnad for miljøet, og ryddar opp i avfall ein har liggjande. Me ynskjer at du melder frå til oss om du ser område som er forsøpla og som kan vere forureina.