Målet med opprydding i område med forureina grunn er at det skal bli trygt for menneske som oppheld seg der, og ikkje skada miljøet. 

Terrenginngrep i grunn som er forureina, auka risikoen for at menneskje blir eksponert for forureininga, og at forureininga spreier seg i miljøet. Det er difor naudsynt å rydde opp i forureininga før det vert bygd og/eller fylla ut på ei tomt.

Ved bygging og graving pliktar tiltakshavar å undersøkja om det er forureina grunn i området, og å gjere tiltak jf. forureiningsforskrifta §§ 2-4 og 2-5. Om grunnen er forureina skal tiltakshavar utarbeida ein tiltaksplan som skal godkjennast av kommunen før terrenginngrepet tek til jf. forureiningsforskrifta § 2-6. 

Døme på aktivitetar som kan ha ført til forureina grunn:

  • Eigedomen har vore nytta til industri eller avfallshandtering 
  • Eigedomar der det har vore gjort rivingsarbeid eller rehabilitering av bygningar
  • Eigedomar der det har vore brann 

Miljødirektoratet sitt faktaark om «Grunnforurensing – bransjer og stoffer M-813 / 2017» gjev informasjon om mogleg grunnforureining som kan oppstå. 

Databasen Grunnforureining syner eigedommar der det er registrert eller mistanke om forureining i grunnen.

Som tiltakshavar må du hugse å: 

  • Vurdere om det kan vere forureina grunn
  • Undersøkje om det kan vere forureina grunn
  • Utarbeide tiltaksplan for opprydding 
  • Sende inn tiltaksplan til kommunen for godkjenning 
  • Sende inn rapport til Grunnforurensing ved gjennomføring av tiltaket 

Miljødirektoratet sine sider gjev god informasjon og rettleiing om forureina grunn