Slette fråvær i grunnskolen

Hovudregelen er at alt fråvær på 8., 9. og 10. trinn skal førast på vitnemålet.

Elevar eller føresette til elevar på ungdomsskulen kan krevja å få fjerna inntil 10 dagars fråvær i løpet av eitt skuleår frå vitnemålet. Det er berre heile dagar som kan strykast, ikkje enkelttimar. Eleven kan også krevja at skulen legg ved ei grunngiving på fråværet til vitnemål.

Elevar kan krevja å få stroke dokumentert fråvær som kjem

  • av helsegrunnar etter tredje dag
  • kronisk sjukdom eller funksjonshemming frå første dag
  • innvilga permisjon frå første dag

Dokumentert fråvær vil seia at eleven har fått innvilga permisjon eller leverer ei legeerklæring.

Elevar med for mykje fråvær

Det kan vera mange grunnar til at elevar er mykje vekke frå skulen. Skular som tidleg følgjer opp elevar som er mykje borte, kan bidra til at færre elevar fell frå.

  • Elevar som har mykje fråvær, går glipp av mykje opplæring.
  • Høgt fråvær, uansett grunn, fører til at læraren kan mangla vurderingsgrunnlag, og at eleven får ikkje standpunktkarakterar.
  • Skulen kan setja ned karakteren i orden eller åtferd på grunn av skulk.

Varsling til elevar og foreldre

Foreldra skal ha informasjon om fråværet til eleven.

Viss det er fare for at læraren ikkje har grunnlag for å fastsetja karakter i samband med halvårsvurdering eller standpunktkarakter i fag, skal skulen varsla eleven og foreldra så tidleg som mogleg.

Skulen må varsla for kvar karakter. Det betyr at sjølv om eleven og foreldra har fått eit varsel før jul i samband med halvårsvurderinga i faget, gjeld ikkje dette varsla for standpunktkarakteren.

Viss skulen ikkje varslar, skal eleven få karakter.

Regelverket

  • Permisjon frå den pliktige opplæringa - Opplæringsloven § 2-11
  • Føring av fråvær i grunnskulen - Forskrift til opplæringslova § 3-38
  • Grunnlaget for vurdering i fag - Forskrift til opplæringslova § 3-3
  • Varsling - Forskrift til opplæringslova § 3-8
  • Foreldresamarbeid i grunnskulen - Forskrift til opplæringslova § 20-3
  • Retningslinjer for føring av vitnemål og kompetansebevis
  • Tolkningsuttalelser om fråvær
  • Lenkje til UDIR om fråvær i grunnskulen