Målet med plan for friluftslivets ferdselsårer er at me aukar kvaliteten på friluftsopplevingane til innbyggjarar og besøkande på ein berekraftig måte.

Det overordna prinsippet for korleis kommunen ønskjer å jobbe med tilrettelegging av tursti og turvegnettet i Sogndal kommune er følgjande:

Me skal nå så mange innbyggjarar som mogleg, så nær som mogleg der dei bur. Kommunen skal prioritere turstiar og turveger i tettstadene og i nærnaturen kring tettstadene.

Planen gir betre oversikt over tilstanden på stiar og turvegar i kommunen sine viktigaste friluftsområde, og foreslår utbetringar som byggjer på dei overordna prinsippa i planen. Planen vil såleis fungere som eit verktøy ved planlegging og drift av nye og eksisterande ferdselsårer og skal vere eit hjelpemiddel i overordna planlegging og detaljplanlegging i kommunen. Tiltaka som planen foreslår kan følgjast opp som kommunale tilretteleggings- og investeringsprosjekt eller som samarbeidsprosjekt med frivillige organisasjonar og andre aktørar.

Plan for friluftslivets ferdselsårer vart vedteken i kommunestyret 12. desember 2024.

Plan for friluftslivets ferdselsårer