Frisklivssentralen Sogn
Kva er ein Frisklivssentral?
Viktig melding
Treningstimer går til og med veke 50. Oppstart i veke 2.Frisklivssentralen Sogn er ei interkommunal helsefremjande og førebyggande helseteneste for Luster og Sogndal kommune.
Helserådgjevar ved Frisklivssentralen Sogn gir strukturert, tilpassa og tidsavgrensa oppfølging basert på individuell rettleiing, kurs og gruppebaserte tilbod. Me arbeidar med livsstilsendringar innan kosthald, psykisk helse, søvn, snus- og røykeslutt og fysisk aktivitet.